A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
roundtable

REFERAT

1. elevrådsmøte 2013/2014

Tid: Onsdag 28.august kl 10

Stad: Lærarane sitt arbeidsrom

Elevrådet 2013/2014:

  1. trinn: Håkon Viem Elvekrok
  2. trinn: Øyvind Hoel
  3. trinn: Jonas Snøtun
  4. trinn: Aslak Skamsar Aasen
  5. trinn: Tora Bjørhusdal
  6. trinn: Mathilde Nielsen Sagabråten
  7. trinn: Renate Halveg

REFERAT:

1. Olweus – kva er det? Opplæring som tillitsvalt i klassa. Alle fekk seie kva dei meinte Olweus var, og me kom fram til følgjande:

·         Dan Olweus er ein mann som har laga eit system for skular slik at dei skal jobbe for å ikkje ha mobbing på skulen, og kva skulen skal gjere viss nokon ikkje trivst. Der kjem namnet «Olweus» frå.

·         Me har ein Olweus-time kvar veke der alle klassene arbeider med at alle skal ha det bra på skulen.

·         Der snakkar me om ting som ikkje er skulefag.

·         Der lagar me klassereglar og snakkar om korleis me vil ha det i klassa og på skulen.

·         Me snakkar om kva som er rett og galt.

·         Me lærer om korleis me tek omsyn til kvarandre (t.d. kroppsspråk).

·         6.-7.trinn har ei klassekasse der dei puttar lappar til klasseråd i Olweustimen for å hugse på saker og viss nokon vil føreslå noko utan at dei andre veit kven det er som har føreslege det.

2. Medverknad – kva skal elevrådet bestemme? Me snakka om at alle elevar har rett til å vere med og bestemme på skulen sin, og at det kan ein gjere t.d. gjennom klasseråd (Olweustime) og elevrådet.

Det vert lekse til neste møte at elevrådsmedlemma tek dette opp i si klasse. Førebels kom desse ideane fram: Topptur på ski for 5.-7.trinn, overnattingstur for dei eldste (som Holmevatnet i fjor), leikar til fellesfriminutt, forbetringar på skulen, biletkonkurranse (som #bestestoveglasutsiktiverdi i fjor), nye lag til fellesaktivitetar (byte ved nyttår).

3. Fellesfriminutt – elevrådet handsamar innspel frå alle klassene, fastlegg rammer for aktivitetsfriminutta måndag og fredag.

Alle klassene har levert inn liste over aktivitetar dei ynskjer, kontaktlærar for elevrådet samlar dette til ei liste. Reglar me er einige om for desse friminutta (utevakt skal passe på at dei vert haldne, elevane skal ikkje "oppdra" kvarandre):

  • Ikkje dele småskule/mellomtrinn, evnt aldersblanda deling der ein byter halvveges i friminuttet (så alle får gjere begge aktivitetar)
  • Ikkje klage viss det er ein aktivitet ein ikkje likar
  • Ikkje klage over laga
  • Tole å bli teken
  • Delta aktivt (ikkje bli teken med vilje)
  • 1.klassen er "udødelege" på flaggleiken o.l. fram til nyttår, så må dei òg tole å bli tekne

4. Oppgåver til neste møte: Diskutere i klassene kva elevane ynskjer å ha medverknad på.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS