A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. kl

1. og 2. klasse og 5-åringane er klar for fysak med ulike former

Uteskule

2017-09-27
Fest-gjengen

100 dagar på skulen-

I dag er det den 100. skuledagen dette skuleåret, og denne dagen hadde vi i 1. og 2. klasse gledd oss til lenge. Vi har talt sugerør sidan skulestart i august og no var endeleg dagen kome.

2016-01-21
Gjett kva bokstav vi har fokus på denne veka?

Gjett kva bokstav vi jobbar med denne veka!

Vi jobbar med y og har både syl, lys og  blyant i bokstavhylla vår.

I tillegg tel vi monster!!

2016-01-14
Dei måtte skriva svarbrev med ein gong

Elmer Elg vil bu i klasserommet vårt

I dag stod det eit brev og venta på oss i klasserommet.

Det var frå ein elg som var lei av å bu i skogen, og no lurte han på om han kunne få koma og bu i klasserommet vårt..

Det var stor stemning for at han skulle få koma, han kan t.d. bu i bokstavslottet som tek form.

Dei sendte svarbrev med ein gong!

2015-11-04
Alle teikningane vart studerte og alle tekstane lest opp

Avskjedsfest i to dagar

I dag hadde vi ein liten avskjedsfest for Anders som skal flytta til Gaupne i helga.

Han hadde med seg ei fin og kjempegod kake og brus, så vi kosa oss ordentleg i den siste økta.

Alle tykkjer det er trist at han reiser herifrå, men han har lova oss at han vil stoppa og snakka med oss når vi møter han i Gaupne.

Det er att både kake og brus, så i morgon fortset avskjedsfesten!

2015-10-15

Just dance kids og påminning om foreldremøte

I dag hadde vi dans som avbrekk, og ungane hadde lyst å dansa heime.

 

2015-09-08
Flott I-rom i bokstavhylla!

Andre skuledag

I dag har vi hatt om I, og I-hylla vart reint så staseleg!

Etterpå  gjekk vi ned på biblioteket og fekk lånekort. Der lånte vi kvar vår "Hyllebok" som vi kan lesa i på skulen. Eg har alle seks korta i skuffa mi.

I naturfag med Svein hadde dei om sansar og i matematikktimen var dei på ein liten tur oppi Moane før dei fekk matematikkbøker og hadde litt matte.

Ein fin dag!

2015-08-18
Bokstavhylle

Velkommen til 1. og 2.klasserommet

I sommar har eg laga denne bokstavhylla. Her er det meininga at elevane skal ha med seg små ting som startar på kvar lyd.

Det vil bli ein eller to lydar pr veke. Ein lyd kvar måndag, og av og til ein ny kvar onsdag/torsdag.

Nye lydar for 1. klasse, repetisjon (med fokus på rett skrivemåte) for 2. klasse.

Nye vekeplaner finn de på høgre sida  her, eg skal prøva å lasta dei opp torsdag ettermiddag.

 

2015-08-16
Systematisering av svarkoppar og ispinnar må til først av alt

Matteverkstad med tema addisjon i talområdet 0-10 og 0-100

Dei er veldig ivrige i 1. og 2. klasse når det er duka for matteverkstad. Då trekkjer vi tre grupper v.h.a. ispinnar med namna deira på, og så jobbar dei i ca 20 minutt på tre ulike stasjonar. Til slutt skriv og/eller teiknar dei i loggboka. Vanlegvis gjer vi dette ein gong i veka, siste økt på torsdag. Her er nokre glimt frå denne veka

2015-04-26
Powered by CustomPublish AS