A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
17

17. mai feiring i Gaupne

Den nye tradisjonen i bygda, er at det er tog etter gudstenesta i kyrkja. Festgudstenesta byrjar i Gaupne kyrkje kl. 11.30. Elevane skal møte opp utanfor kyrkja seinast kl. 12.20. Dei skal stille opp og gå klassevis saman med lærar eller klassekontakt i toget. Dei som deltek på gudstenesta saman med foreldra sine, går ut og stiller opp når denne er ferdig. Alle klassefanene vert frakta felles opp til kyrkja på føremiddagen. Ruta er som følgjer: Ned kyrkjereina, forbi barnehagen og ned til krysset ved Årskog, Øyagata til krysset ved Rådhuset (stogg med musikkinnslag ved omsorgssenteret), forbi Gaupnetunet, bort til skulen og derifrå på gangvegen bort til idrettshallen.

Når ein kjem til idrettshallen, overtek foreldra ansvaret for borna fram til 6. klasse er ferdig med sitt program. Når 6. klasse er ferdige, skal alle elevar ved skulen gå til anvist plass (dette øver me på onsdag føremiddag), og framføre «Det går eit festtog gjennom landet» saman med Gaupne skule- og ungdomskorps. Etterpå er elevane forsangarar på tre vers av «Ja, vi elsker» Etter dette, overtek foreldra igjen ansvaret for sine eigne.

Det er obligatorisk at alle elevar har med seg flagg i toget.

Med ynskje om ei flott feiring!

Linda Øvregard Røhme, Rektor

 

PROGRAM FOR DAGEN

08.00 Flaggheising

11.30 Festgudsteneste i Gaupne kyrkje

12.30 Folketog frå kyrkja til idrettshallen

14.00 Festprogram i idrettshallen:

  • Tale for dagen

  • Program av 1. og 6.klasse

  • Skuleelevane syng: "Det går et festtog gjennom landet"

  • Allsong: "Ja, vi elsker dette landet"

  • Allsong: "Norge i rødt, hvitt og blått

  • Blomsterutdeling og premiering

 

Leikar, konkurransar og sal av mat under heile arrangementet

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS