#1omdagen er ei oppfordring om å koma seg ut i frisk luft dagleg. Det passar dermed godt som eit nyttårsforsett for alle som ønskjer å gjere noko godt for seg sjølv denne spesielle vinteren.

–Vi gjer dette fordi vi veit at det å koma seg ut i frisk luft senkar stressnivået vårt, og gjer at vi har det betre, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.
Fordelane ved å koma seg ut i naturen er godt dokumentert. Ein amerikansk studie frå 2020 viste for eksempel at berre 10 minutt i naturen kan vere nok til å hjelpe oss å senke skuldrane.

Treng ikkje gå langt

Terskelen for å bli med vert lagt så lågt eller høgt ein sjølv måtte ønskje. Ein treng ikkje å vere spesielt aktiv for å delta, berre det å for eksempel nyte ein kopp kaffi i det fri tel óg.
– #1omdagen kan vere alt frå å setje seg på ein benk eller ein stubbe, til å rusle ein liten tur, eller finne ein stad utandørs der du kan nyte kveldsmaten. Målet er berre at du kjem deg ein tur ut døra, seier Lier. Norsk Friluftsliv håpar at så mange som mogleg ønskjer å delta på utfordringa, og oppfordrar difor også kommunar, frivilligsentralar, lokale lag og foreiningar og andre til å vere med å spreie bodskapen.
Del gjerne bilete eller video på Facebook eller Instagram med #1omdagen.

Ti tips til måtar å få ein tur ut kvar dag

  • Gå ein tur og ring ein venn eller lytt til din favorittpodkast
  • Luft nokon sin hund
  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag
  • Lån utstyr hjå din næraste BUA eller utlånssentral og prøv ein ny friluftsaktivitet
  • Gå ut og tenn eit bål med ein nærkontakt
  • Gå ein tur med hovudlykt
  • Finn fram akebrettet og leik deg i næraste bakke
  • Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå på skøyter eller turskøyter

Ønskjer du fleire tips til ting å finne på ute? Sjå mange fleire tips til #1omdagen her.