A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Førjulstid på skulen tyder

Kodetimen og juleverkstad!

Kodetimen:

 

Førjulstid og kodetid #kodetimen #hourofcode #aldersblanding #jostedalskule #jostedaloppvekst

A post shared by Jostedal Oppvekstsenter (@oppvekstjostedal) on

Juleverkstad:

 

2017-12-12
omvendtjulekalender[1]

GJE i staden for å få!

Omvendt julekalender

Det har vorte ein tradisjon på skulen at me er med på SOS barnebyer sin innsamlingsaksjon i desember. Elevane avtalar med foreldre/besteforeldre oppgåver dei kan gjere heime fram mot jul, og løna går til SOS barnebyer. Kvar skuledag ser me ein videosnutt frå korleis born har det rundt om i verda, og snakkar litt om det me ser. Dette er ein fin måte å reflektere over kva som er viktig med jula, kor heldige me er og kor urettferdig verda er, men òg over at det er mange måtar å ha det bra på og at me ofte blir like glade av å gje noko som av å få noko.

HER er lenkje til innsamlingsaksjonen.

God førjulstid!

2017-12-01

Siste året i barnehagen

Overgang barnehage-skule

Kva bør barnehageborna kunne når dei byrjar på skulen? Viktige ferdigheiter barnehagen arbeider med siste året før skulestart (som vert vidareført på skulen).

2019-03-26

Tema småskulen skal jobbe med

Bolkplan 2017/2018

Her ser det kva tema me planlegg å ha gjennom året. De vil òg sjå når det er ulike kartleggingar, kva strategiar me har fokus på, tverrfaglege prosjekt osb.

Obs: Planar vert alltid endra!

2017-09-27

Timeplanar

2020-01-07

SKULEN:

Nyttige nettsider og appar for læring

Nettsider:

App'ar (lurt å teste dei først sjølv):

  • Quizlet - engelsk glosetrening (nettside,men òg som app)
  • Mattekongen junior (King of Math jr) og Mattekongen når dei meistrar junior
  • Matemagisk sine rekne-spel (telle, regne, tid, brøk, regne mer)
  • Tella (nynorsk tale, passar frå barnehagealder og oppover i småskulen)
  • eBokBib - bilioteket sine digitaliserte bøker (logg på med PIN og lånarnummer frå lånekortet. PIN er i utgangspunktet fødselsdato - to siffer til dag og to siffer månad.)

Betalingsapp'ar:

  • Poio lesetreningsspel (kostar 199,-)
  • Samlaget - digitale bøker med innlesen tale (av skodespelarar) - app'en er gratis, det er nokre gratis bøker, men elles betalar ein per bok (som å kjøpe boka i butikken, men dei kostar stort sett mellom 50,- og 100,- per bok)

Programma frå Mikroverkstedet - til dømes tastatur-trening med 10 fingrar - logg inn med FEIDE (same som du loggar på skule-PC med)

2020-01-07

Skule:

Referat frå foreldremøte 25.aug

Pedagogiske satsingar, læringsmiljø, skuledemokrati, nye datasystem og oppfølging av foreldremøtet om skjermtid/nettvet.

2016-08-29

Grunnkurs på code.org

Koding

2019-12-18
brevstein2_4988499a

Skulen: Felles hausttur

Vigdal - Brevsteinen - Ormbergstølen

Kvar haust har heile skulen ein fellestur i lag, der me vert kjent med ulike turar i nærmiljøet. I år er det turen frå Vigdalen forbi Brevsteinen og ned til Ormbergstølen, og då har me fått med oss kjentmann Kristen Ormberg som vegvisar og historeforteljar. Me reiser frå skulen ca kl 10, så alle må følgje bussen som vanleg om morgonen. På vegen heim kan dei som bur nedanfor Høgebrui gå av på vegen - men 1.-4.klassingar må ha med melding om dei skal det. 

Hugs drikke, god niste og klede etter vêret. Lov med ein liten tursjokolade (storleik som "Kvikk Lunsj")

2016-08-19
Powered by CustomPublish AS