Kulturprisvinnar Egil Einan.jpg

Kulturprisvinnar Egil Gunnstein Einan tek mot diplom og sjekk frå ordførar Torodd Urnes.

Slik starta ordførar Torodd Urnes då han presenterte kulturprisvinnaren 2004 under julemøtet til kommunestyret, og heldt fram: - Kulturpriskandidaten sine musikalske evne blir lagt merke til langt utanfor distriktet vårt. Fleire gonger har han fått spørsmål om konsertar i andre kyrkjer og konsertlokale som t.d. domkyrkja i Bergen no sist i september.

Han akkompagnerar utan vanskar kjende musikarar og songarar. Sist sommar, under Fortun kyrkje sitt jubileum, var det operastjerna Knut Skram som gav til kjenne at det ikkje var vanleg å møta slik kompetanse ute i distriktet.

Ekstra innsats for lokalsamfunnet

Forutan å fylla stillinga som kantor serdeles godt, gjer han ein utruleg innsats for lokalsamfunnet langt utover det som føl med jobben. Eigne orgelkonsertar, og på cembalo, har han hatt heile tida, åleine eller i samspel med andre. Kyrkjemusikkveka i Luster arrangerar han framleis, sjølv om budsjettsituasjonen ikkje tillet tilreisande musikarar. Tingingsverk for kor og orgel, skrive spesielt for fleire av kyrkjene våre, har han fått i stand. Såleis er kontakten med komponistar og leiande personar innan fagfeltet teke godt vare på.

Sjølv om budsjettet ikkje alltid strekk til med midlar til kyrkjemusikalsk arbeid, driv han framleis med konsertar og korarbeid. Ikkje berre eitt, men fem kor og korgrupper  har han under dirigentstokken! Dei som får glede av å vera med på dette er både barn og vaksne, unge og eldre. Han evnar å trekka fram lokale krefter, finn fram til musikalske aktørar, lærer frå seg og oppmuntrar utan å gå trøytt!

Han når fatt i og får med ei breidde av folk i bygdene våre. Såleis blir det kjennskap til og oppdragelse i utøvande klassisk, musikalsk  tradisjon og arv. I periodar har han også vore dirigent for korpset på Hafslo og Sogn kammerkor.

Kandidaten er levande oppteken av musikk og song

Han gjev mykje av seg sjølv og deler gjerne sine kunnskapar i musikk med andre. Me meiner difor at han er ein svært god kandidat til Luster kommune sin kulturpris.

Ordføraren og kommunestyret sluttar seg også til avslutnings-poenget i nominasjonen:  Me må vita å setja pris på Egil Einan sin kapasitet, hans engasjement og arbeidsglede! Til lukka med kulturprisen for 2004 – og eg ber deg om å koma fram å ta i mot det synlege teiknet som er ein diplom, i tillegg til ein sjekk på kr. 10.000, avslutta ordføraren.

Ein glad kulturprisvinnar takka

- Dette kom overraskande og uventa, men det viser at de ser mangfaldet i kulturbildet, sa Einan då han takka for prisen. -  Barnekorarbeid er kanskje ikkje det som gjev mest status slik som t.d. meir fysiske aktivitetar. Men alt høyrer til i det store og fine mangfaldet. Å arbeida med kor og barnekor er som å stella den finaste urtehage. Det er ei mengd med ulike ”urter” – ikkje ei stemme er lik, og stemmene må handsamast med den største varsemd.

Kva gjer ein når ein syng?

Det spørsmålet fekk den svenske songpedagogen Gunvor Sãllstrøm ein gong av eit lite barn, og dette fekk henne til å undra/tenkja vidare. Svaret på spørsmålet ho fekk kom spontant: ”Ein vert glad.”

”Men”, seier Gunvor Sãllstrøm, ”det finst eit ordsråk som seier: ”Sången ãr ur sorg opprunnen”. Begge påstandane er vel rette, og viser at songen spring ut frå kjenslene våre for å avlaste eit sterkt kjensletrykk inni mennesket. Arbeidet hennar vart gjeve ut i 1988 i ei bok med den innhaldsrike tittelen: ”Mãnneskerøsten – Så underfull, så full av liv”.

Kultur – det er å dyrka, odla og edla

Det tek tid. Det handlar òg om å gi noko vidare. Me veit òg at det med oppslutnad vil variera. Song og musikk høyrer så avgjort heime i kyrkja der eg har min arbeidsplass. Så å driva med kor, song og musikk er interessant. Og ikkje minst – ei takk til dei som er og vil vera med.

Tildelinga er ei tildeling til alle dei aktive og meir passive som er med, og ei tildeling til det å prøva og arbeida med song og musikk ut frå sin eigen eigenverdi, avslutta Einan, som saman med deler av Hafslo mannskor takka med eit flott kulturelt innslag.

 

Einan med dkiplom og blomar.jpg

Kulturprisen kom uventa, sa ein glad Einan i takketalen sin.