Ordførar Ivar Kvalen sin tale under opninga av kommunestyremøtet, torsdag 13. desember 2012:
 
 
I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:
 
Kandidaten som i år skal ta i mot kommunen sin kulturpris har gjennom media – over tid - vorte mest kjend som «husdoktoren». Men lokalt har han gjort seg mest kjend som ein særs kunnskapsrik entreprenør og aktør i kulturlivet både i Luster kommune men også i store delar av Sør Noreg. Om seg sjølv brukar han til og med omtalen som «steingal».
 
Bergensaren Geirr Vetti vart fenga av dronning Sonja si forteljing om Ormelid på radioen for vel 25 år sidan. Han for strake vegen til Luster og Ormelid. Sidan har han vore fenga av kulturhistoria og dei uttallige  kulturminna i Luster kommune.
Engasjementet viser seg att gjennom fleire restaureringsprosjekt han har vore involvert i på ulikt vis, anten som pådrivar og ideutviklar, rådgjevar / konsulent , men ikkje minst gjennom arbeidet med å byggja oppatt sin eigen høgdegard – Skåri i Mørkridsdalen.
 
Av alle prosjekta nøyer eg meg her med å visa til Munthehuset i ytre Kroken som og var det fyrste, større anlegget han gjekk i gang med her i Luster.
 
Han er av dei som har sett det store potensialet som kulturminneressursane i Luster representerer. Dette nyttar han også eit kvart høve til å minna innfødde om, eller fortelja tilreisande om. Spesielt høgdegardane og steinstovene er hans store interesse.
 
Han har gjort lustringane medvitne på den kulturarven me har i kommunen, og ikkje minst gjeld det arbeidet med stein i det heile.
 
Med si store kontaktflate, interesse og allsidige kunnskap om bygningar, handverk og arbeidsmetodar, har han verkeleg sett Luster på kartet. Hans engasjement innafor bygningsvern er stort, og både distriktet vårt og landet elles nyt no godt av det.
 
Siste åra er det særleg muring ved hjelp av sherpaene frå Nepal som har stått i fokus. Dette omfattar restaurering av steinhus, murar og bygging av turvegar i nasjonalparkar både i Luster og elles i sør-Noreg. Kontakten og samarbeidet med dyktige handtverkarar frå Nepal har vorte vide kjent.
 
Han evnar å sjå muligheiter i kulturminna som få andre gjere. Dette, saman med den store arbeidskapasiteten, gjer at han også har stor gjennomføringsevne på det han går i gang med. Samtidig er han også ein stor igangsetjar og døme på dette er Fuglesteg i Fortun, strandsitjarmiljøet i Solvorn og  Bryggjehuset på Skjolden.
 
Han evnar å tolke bygningane og å sjå løysingar på bygningen sine premissar. Han har ei eiga evne til å sjå muligheiter der andre stort sett berre ser problem - noko som t.d. fredinga av Ormelid er eit døme på.
 
Som mangeårig leiar i Luster sogelag er han også involvert i laget sine prosjekt, m.a. Hesteskårane og husmannsvesenet i Luster sin plass i den nasjonale historia har han sett fokus på gjennom prosjektet ”Nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannsvesenet”.
 
På Riksantikvaren sin 100-årsdag no i haust mottok han også kulturminneprisen  - den første kulturminneprisen i landet vårt.
 
Han har vorte lustring og funne sin heimplass i Skåri. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, – slik Bruaset skildra garden gjennom TV-programmet med same namn.
Der på tunet har både steinstove, steinfjøs og gamle lafte-bygg frå andre delar av fylket fått nytt liv,  til inspirasjon for dei mange som etter kvart har besøkt og fått omvisning i Skåri.
 
Kandidaten kan med rette kallast ei eldsjel med god formidlingsevne, og som er til inspirasjon for andre.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2012 skal tildelast: Geirr Norman Vetti.

Ordførar Ivar Kvalen delte ut kulturprisen