I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Kandidaten som i år skal ta i mot kommunen sin kulturpris har vore ein aktiv kulturarbeidar på meir enn eitt felt. Mange har møtt kandidaten gjennom ulike arrangement der musikk og song har prega repertoaret.

For allereie som 8-åring stod kandidaten vår på ei scene og spelte for eit lydhøyrt publikum. Med tradisjonsmusikk og eit inspirerande miljø heime og i nærmiljøet varte det berre nokre få år før det vart studioopptak og formidling over radio i regi av NRK.

Om oss nordmenn vert det av og til sagt at me er fødde med ski på føtene…. Men om kandidaten ikkje akkurat løyste spelet sitt frå navlestrengen så vel me å tru at interessa for musikk  mest sannsynleg var medfødt, og at val av instrument vart like naturleg eit familieanliggande. I alle fall vart kandidaten vår med som artist på Toradarkappleiken i Vågå i 1986 og kapra 1. plassen i sin klasse, og året etterpå under Vestlandskappleiken på Voss vart det 2. premie. Dette gjorde det også aktuelt å stille på Landsfestivalen i Gamaldans på Fagernes i 1988 der det også vart heiderleg plassering i ein hard konkurranse.

Var trekkspelet favoritten i frå starten har toradaren teke meir og meir over – og er vel kanskje favoritt instrumentet i dag.

Etter kvart som musikaren fekk utvikla seg kom også interessa for songtradisjonar som stev og kveding. Og i dag er vel dette for mange også eit kjenneteikn på kandidaten.

Inspirasjonen har røter i norsk folkemusikk-tradisjon både i sjangeren til gruppa Tiriltunga, men også i dei lokale informantane som kunne både syngja gamle viser og fortelja om bakgrunnen. Kandidaten har ikkje gått i lære, men har sett eit sterkt personleg preg på framføringa.

Historiane bakom fortel han meir enn gjerne, og sjølv påstår han at stoffet har krav på å bli framført for å bli kjent – og helst brukt i dei lagi han opptrer i.

Kandidaten har delteke i Fylkeskappleiken, og vann klassen Kveding. Samtidig fekk han 2. plass i klassen gamaldans med gruppa Skjolden Danseorkester.

Kulturpriskandidaten likar å opptre og spelar som kjent på mange strenger i so måte. Arrangørar både i og utanfor kommunen har fått oppleva talentet som bur i denne kandidaten. Og for kandidaten vart det også ei stor oppleving å bli engasjert i ein fylkesturne i regi av Folkeakademiet. Dette skapte også nye arena både med skuleklassar og ulike publikumsgruppe i heile Sogn og Fjordane.

Kandidaten har også vorte knytta til prosjektarbeidet med tradisjonsberarar i landbruket  som no har munna ut i eit undervisningsopplegg for grunnskular og barnehagar.

Nettopp Mørkridsdalen er vorte sentralt i dette prosjektet takka vera kandidaten som både representerte kunnskapen og tradisjonsdelen.

Eitt av resultata er filmen frå Naturhushald til Nasjonalpark, regissert av Bjørn Bergum og finansiert med midlar frå Kulturdagane i Skjolden.  Læremiddelmateriell er no også tilgjengeleg etter at Statens Naturoppsyn (SNO) oppdaga at det her var gjort eit grundig førearbeid som dei no kunne gjera seg nytte av i sitt arbeid overfor skular og barnehagar i heile landet.

Denne unike kunnskapen om gardsdrift på «gamlemåten» fekk kandidaten vår overført gjennom aktivt arbeid frå besteforeldra som dreiv småbruket sitt i Dalsdalen på dette viset fram til 1980.

Kandidaten kan med rette kallast ein allsidig og sprudlande kulturformidlar, og som ved sin væremåte skapar god stemning og humør ved sitt nærver.

Og me er heller ikkje i tvil om at vedkomande er til inspirasjon for dei som får oppleva å vera i lag med han.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2013 skal tildelast: Kjell Einar Ormberg.

Ivar og Kjell Einar A.jpg