Arve + Ivar 02.jpg

 


Arve + diplom.jpg

I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Årets kulturpris vinnar kan kanskje best karakteriserast som den av våre lokale talent som har hatt trekkspelet på magen frå 10-årsalderen. Då starta han å spela med Oddvar Stegegjerdet.

Som nominasjonen godt har poengtert så skal bakgrunnen for at han starta spele trekkspel visst nok vera at han «tyranniserte» familien med blokkfløytespel døgnet rundt, og for å få levelege forhold i heimen, valde dei kjøpe han eit trekkspel.

Det er i denne samanhengen også rett å leggja til at den nominerte meir eller mindre også er eit produkt av den kommunale musikkskulen. Vedkomande var faktisk elev i det første kullet i 1978, same året som han og fekk sitt første trekkspel. Lærarar på trekkspel var Torodd Joranger og Stein Næss. Oddvar Stegegjerdet var òg ein stor inspirator dei første åra.

Den nominerte var borte frå musikken i nokre av ungdomsåri, men fekk smaken på «festivallivet», noko som også førte til at toradar vart kjøpt inn i 1985. Første kappleiksmedaljen kom i 1987, og sidan har det vorte mange. Den gjevaste av dei alle kom truleg sommaren 2014 med NM-gull på durspel solist i Steinkjer.

Mange langt ut over kommunegrensa har fått oppleve kandidaten sine musikalske evner, og vedkomande er å rekna som ein musikalsk kapasitet i folkemusikk- og gamaldansmiljøet i Norge. Han er kanskje først og fremst ein utøvande musikar. Men han er også komponist og står bak om lag 250 komposisjonar, mange av desse er i dagleg bruk kring om i heile landet.

Han syter for å føre tradisjonsmusikken vidare til komande generasjoner ved kursing og opplæring rundt om i heile landet frå Harstad i nord til Stavanger i sør, og han har vore dommar på alle nivå i ulike konkurransar.

I mange år har han også lært vidare tradisjonssongar og barnestev til ungane i barnehagen og grunnskulen. Kvar 17. mai i Gaupne er det tradisjon at han saman med 1. klasseborna syng tradisjonssongar og Lustrasongen som elevane lærer utanåt.

Det skal også nemnast at kandidaten er ein mangeårig primus motor i "Musikkens venner" sin revy-produksjon i Gaupne, både som tekstforfattar, skodespelar og musikar. Han har motteke fleire prisar og premiar for sin innsats, og her kan leggjast til at vår kandidat mottok "Vågå-fatet" i 2013. Han kan smykke seg med mange meistertitlar og premiar frå Norgesmeisterskap og Vestlandsmestarskap  som soloartist og som medlem i gruppespel.

Han er òg ein ettertrakta dommar i mange tevlingar innafor folkemusikk og trekkspel, td kappleikar og trekkspelmeisterskap. Og ikkje minst har han sin eigen Gamaldans-festival i Parken i Gaupne, også kjent som Sogn gammaldansfestival. Eit arrangement kandidaten har stått bak sidan år 2000, og som har fått solid fotfeste i gamaldansmiljøet. Arrangementet trekker til seg tilreisande trekkspelentusiastar frå fjern og nær, og har sett Luster på kartet i dette miljøet.

Vår kulturpriskandidat har vore fast medlem i fleire ulike orkester opp gjennom åra, dei meste kjende er nok Elles gaMmaldansorkester i første halvdel av 90-talet, Bentes gammaldansorkester, også på 90-talet, Labakkalaget frå 2005, som også produserte eigen CD, og Hafslobelgen der han har vore musikalsk leiar i 15 år.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Og det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å tildele kulturprisen for 2014 til Arve Bjørn Røneid.

Arve spelar Makaronivalsen for kommunestyret.jpg

Prisvinnaren spelar "Makaronivalsen" for kommunestyret