A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

4. kl

Fysisk aktivitet i veke 14

Her kjem eit forslag til fysisk aktivitet. Gjer aktiviteten med ein vaksen eller du kan gjere den aleine. Bruk ein kortstokk med tala opp til 10. 

Lukke til:) 

kortstokk fysisk aktivitet PDF document ODT document

2020-03-27

Skulen stengt fram til 13.april

Som dei fleste no sikkert har fått med seg, er skulen stengt til og med 13.april. Meir informasjon om dette frå udir, finn de her: https://www.udir.no/korona

Me held fram som før, med undervisning hovudsakleg på Teams. Elevane er etter kvart vortne meir drivne på denne måten å ha skuledag på, men me har forståing for at dei kan verte både frustrerte og leie innimellom. Dei gir uttrykk for at dei saknar kvarandre og at dei har eit ynskje om å få spele fotball saman att og andre normale "friminutt"aktivitetar. Det beste rådet me kan gi då, er å vere tolmodige. Vi er i ein unntakstilstand og normal kvardag kjem tilbake. Dersom de ynskjer å snakke med oss på skulen om tankar eller spørsmål de har no, er me tilgjengelege frå klokka 9.00 til 14.30 kvar dag. 

Her kan de lese meir om gode råd til korleis ein kan forhalde seg til situasjonen no: https://bufdir.no/Foreldrehverdag/trygge_rad_til_foreldre_i_korona_hverdagen/

2020-03-26

Møte i Teams

Hei! Det vert ikkje noko møte i Teams i morgon, torsdag 26.3. Dette vert utsatt til neste veke. 

2020-03-25

Elevsamtalar i Teams

I veke 13 vert det elevsamtaler som eg sa til dykk forrige veke. Ver pålogga i teams til tidspunkta nedanfor.

Tid for samtaler:

Måndag 23.mars kl. 12.20: Victoria, kl. 12.50: Henning

Tysdag 24.mars kl. 9.00: Milian,  kl. 9.30: Benjamin, kl. 11.00: Stian

Onsdag 25.mars kl. 9.30  Lukas, kl. 10,00  Daniel, kl. 10.30 Tuva, kl. 11.00: Torje

 

 

2020-03-23

Skulen stengt 13.-26.mars

På grunn av situasjonen kring Koronaviruset, vert skulen stengt i tida 13.-26. mars. 

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsyntee helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet beslutta ei rekkje tiltak som gjeld frå torsdag 12. mars kl. 1800. 

For å unngå at elevane misser viktig skulegang, vert difor hovudtrykket og skulekvardagen samla på Teams. Der vil lærarar gi informasjon og oppgåver til elevane. Lærararne vil vere tilgjengleg på telefon, melding, epost eller Teams/Visma, frå klokka 9.00 til 14-30 kvar dag.

Dersom ein elev er sjuk, eller av anna årsak ikkje kan delta på undervisning på Teams, melder de om fråvær på Visma, som vanleg prosedyre. 

Me har forståing for at elevar kan synset det er kjedeleg og lange dagar, no når dei ikkje kan samlast og besøke kvarandre fysisk, slik dei gjerne pleier til vanleg. Difor ynskjer me at elevane prøver so godt som råd å ha ein nokonlunde strukturert skuledag heime. Det kan også vere kjekt for elevane å "treffast" på Teams - då veit dei iallefall at dei andre i klassen er der også :) Me vil i løpet av denne perioden legge opp til fysisk aktivitet ute. Dersom nokre elevar kjem samstundes til ein stad, eller dei spring forbi kvarandre, oppmodar me om at dei er forsiktige og ikkje kjem for nære kvarandre, men held tilråda avstand på 1 meter. 

Som konsekvens av stengde skular, vert alle planlagde utviklingsamtalar og foreldremøte vert utsett.

Det er viktig at alle tek situasjonen på alvor. Det er føresette sitt ansvar å informere borna vidare om Korona-viruset, og omsyn ein skal ta. Borna har behov for informasjon fortløpande, og behov for tryggleik i denne situasjonen me er i. Det er dei føresette sitt ansvar og føresette si avgjer om borna skal ha kontakt med andre utanfor heimen. Føl nasjonale råd!

Gro Anita

2020-03-17

Nettsider til elevane

Hei! Når elevane går inn på Teams så finn dei ulike gode nettsider til arbeid heime, nokon av dei kjenner dei til - nokon nye! Gjer deg kjend.

Du gå inn på bjella til venstre "Aktivitet",  så midt oppe på skjermen går du inn på "Klassenotatblokk" - det tek litt tid så kjem filene.

Kos dykk med desse:) 

2020-03-17

Plan for heimeundervisning i veke 12

Hei! Her kjem info for denne veke 12. Eg og Elise har forsøkt å lage eit opplegg kor elevane får tre arbeidsøkter heime (arbeidsplaner vert lagt ut søndag kveld eller måndags morgon). Den einaste økta som er tidfesta er engelsk for 3. og 4.trinn på måndag 16. kl. 10.15. Då går de inn på teams - sjekk vedlegg under arbeidsplan. Ellers ynskjer eg som kontaktlærar og ha ei telefonsamtale med dykk på onsdag - for å høyre korleis det går. De vil få ein telefon mellom kl. 12 og 14. Det er berre å sende mail eller ringe om de lurer på noko:) 

Ta godt vare på kvarandre:)      Oppdatert vekeplan lagt ut 16.3.

info frå Elise

Eva

2020-03-16

Godt nytt år!

Då ynskjer eg alle eit riktig godt nytt år! Skulen startar i morgon kl. 8.30.

2020-01-05

God Jul 🤶🎅

Elevane har synt ein kjempeinnsats denne førjulstida, med både skodespel, juleverkstad og saueprosjekt. Dei har vore ivrige og nyfikne, og dei har lært mykje. Dei bidrog også kjempefint med å rigge til julefesten og gjere sin del på skodespelet - kjempebra!! Håpar tilskodarane fekk ei like god oppleving, som det me hadde. 

Eg nyttar høvet til å ynskje God Jul! Me sjåast att 6.januar 2020 klokka 08.30 

20191220_085118_140x186.jpg  20191220_100843_140x186.jpg  20191220_103710_176x235.jpg  

 

 

2019-12-20

Bygdalaget på besøk

Denne veka var me so heldige å få bygdalaget på besøk på skulen. Dei hadde med seg ein framifrå lunch, som ei påskjønning etter at skulen deltok på strandsitjardagane. Dette vart sett stor pris på, av både små og store ved skulen. Me samla oss rundt borda og fekk servert hedlekaker, lappar, heimarørt jordbærsylte, brunost og sukker, nydeleg eplejuice pressa lokalt i Solvorn, brownies og frukt. Dette vart ei veldig fin samlingsstund og me takkar Tordis og Per Jørgen for besøket. De er hjerteleg velkomne tilbake! 

20191030_112449.jpg 20191030_113605.jpg 20191030_114730.jpg 20191030_113618.jpg 20191030_113557.jpg

2019-11-01
Powered by CustomPublish AS