A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5. kl

Skulen stengt fram til 13.april

Som dei fleste no sikkert har fått med seg, er skulen stengt til og med 13.april. Meir informasjon om dette frå udir, finn de her: https://www.udir.no/korona

Me held fram som før, med undervisning hovudsakleg på Teams. Elevane er etter kvart vortne meir drivne på denne måten å ha skuledag på, men me har forståing for at dei kan verte både frustrerte og leie innimellom. Dei gir uttrykk for at dei saknar kvarandre og at dei har eit ynskje om å få spele fotball saman att og andre normale "friminutt"aktivitetar. Det beste rådet me kan gi då, er å vere tolmodige. Vi er i ein unntakstilstand og normal kvardag kjem tilbake. Dersom de ynskjer å snakke med oss på skulen om tankar eller spørsmål de har no, er me tilgjengelege frå klokka 9.00 til 14.30 kvar dag. 

Her kan de lese meir om gode råd til korleis ein kan forhalde seg til situasjonen no: https://bufdir.no/Foreldrehverdag/trygge_rad_til_foreldre_i_korona_hverdagen/

2020-03-26

Rapport heimeskule

Hei.

Då er me komne godt i gong med 2.veka med heimeskule. Me er so langt veldig nøgd med måten dette har løyst seg på hjå elevar, føresette og oss lærarar. Me har forståing for at det kan verke krevjande å jobbe slik for nokon, og at motivasjonen til elevane kan variere. Difor har vi ekstra fokus på at elevane får pausar og variasjon gjennom dagen og i aktivitetane/undervisninga.

Me tykkjer også at det er flott at alle elevane er med på videochattane våre. Eg har inntrykk av at dei syns det er kjekt å sjå kvarandre att, sjølv om det er på skjermen.

Me er også veldig imponert over korleis de jobbar heime, elevane sin innsats, føresette og tilsette som føl opp og legg til rette på ein veldig god måte. Alle klassane jobbar digitalt, på ein eller annan måte. Oppstår det vanskar der, ta kontakt med kontaktlærar.

Me minner om at skulen sine surfacar kunn skal brukast til skulearbeid, og det er eleven som har lånt heim datamaskin som skal bruke den. Altså skulen sine datamaskiner skal ikkje brukast til anna enn skulearbeid, og den skal ikkje delast mellom fleire sysken til dømes, dette pga lisensar, brukarar, tilgangar osv. «Teams» sin chattekanal skal kunn brukast i samråd med lærar til skulearbeid.

Dersom de må ha tak i utstyr/materiell på skulen, gjer avtale med kontaktlærar, så koordinerar kontaktlærar med administrasjonen/skulen.

Gro Anita

2020-03-25

Skulen stengt 13.-26.mars

På grunn av situasjonen kring Koronaviruset, vert skulen stengt i tida 13.-26. mars. 

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å oppretthalde naudsyntee helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet beslutta ei rekkje tiltak som gjeld frå torsdag 12. mars kl. 1800. 

For å unngå at elevane misser viktig skulegang, vert difor hovudtrykket og skulekvardagen samla på Teams. Der vil lærarar gi informasjon og oppgåver til elevane. Lærararne vil vere tilgjengleg på telefon, melding, epost eller Teams/Visma, frå klokka 9.00 til 14-30 kvar dag.

Dersom ein elev er sjuk, eller av anna årsak ikkje kan delta på undervisning på Teams, melder de om fråvær på Visma, som vanleg prosedyre. 

Me har forståing for at elevar kan synset det er kjedeleg og lange dagar, no når dei ikkje kan samlast og besøke kvarandre fysisk, slik dei gjerne pleier til vanleg. Difor ynskjer me at elevane prøver so godt som råd å ha ein nokonlunde strukturert skuledag heime. Det kan også vere kjekt for elevane å "treffast" på Teams - då veit dei iallefall at dei andre i klassen er der også :) Me vil i løpet av denne perioden legge opp til fysisk aktivitet ute. Dersom nokre elevar kjem samstundes til ein stad, eller dei spring forbi kvarandre, oppmodar me om at dei er forsiktige og ikkje kjem for nære kvarandre, men held tilråda avstand på 1 meter. 

Som konsekvens av stengde skular, vert alle planlagde utviklingsamtalar og foreldremøte vert utsett.

Det er viktig at alle tek situasjonen på alvor. Det er føresette sitt ansvar å informere borna vidare om Korona-viruset, og omsyn ein skal ta. Borna har behov for informasjon fortløpande, og behov for tryggleik i denne situasjonen me er i. Det er dei føresette sitt ansvar og føresette si avgjer om borna skal ha kontakt med andre utanfor heimen. Føl nasjonale råd!

Gro Anita

 

 

 

2020-03-17

God Jul 🤶🎅

Elevane har synt ein kjempeinnsats denne førjulstida, med både skodespel, juleverkstad og saueprosjekt. Dei har vore ivrige og nyfikne, og dei har lært mykje. Dei bidrog også kjempefint med å rigge til julefesten og gjere sin del på skodespelet - kjempebra!! Håpar tilskodarane fekk ei like god oppleving, som det me hadde. 

Eg nyttar høvet til å ynskje God Jul! Me sjåast att 6.januar 2020 klokka 08.30 

20191220_085118_140x186.jpg  20191220_100843_140x186.jpg  20191220_103710_176x235.jpg  

 

 

2019-12-20

Bygdalaget på besøk

Denne veka var me so heldige å få bygdalaget på besøk på skulen. Dei hadde med seg ein framifrå lunch, som ei påskjønning etter at skulen deltok på strandsitjardagane. Dette vart sett stor pris på, av både små og store ved skulen. Me samla oss rundt borda og fekk servert hedlekaker, lappar, heimarørt jordbærsylte, brunost og sukker, nydeleg eplejuice pressa lokalt i Solvorn, brownies og frukt. Dette vart ei veldig fin samlingsstund og me takkar Tordis og Per Jørgen for besøket. De er hjerteleg velkomne tilbake! 

20191030_112449.jpg 20191030_113605.jpg 20191030_114730.jpg 20191030_113618.jpg 20191030_113557.jpg

2019-11-01

SKULEÅRET 2019/20

Velkommen til fyrste skuledag, måndag 19. august kl. 8.30

2019-08-16

Haustfest 2018

Elevane ved oppvekstsenteret har i nokre veker jobba tverrfagleg med eple- og potetprosjekt. Prosjektet skulle ende i ein hausfest, der produkt dei hadde laga skulle selgast til inntekt for Barnehjelp Afrika. Festen vart halden tysdag 6.november, og den gjekk over all forventning. 

På tampen hadde vi ein eple- og potetquiz, som elevane på mellomsteget hadde laga. Vinnarane (to delte 1.plassar) var dei som sat ved desse borda: (Eple-quiz): "Tordis" og "Høyum, Skjeldestad, Hilleren" og (Potet-quiz): "Svein Arve, Jan, Mette, Lars Arne, Gudny, Wenche" og "Torje, Kasper, Roger, Grete, May, Irene, Odd John og Britt". Bra jobba!!  :) 

. . . . . .

 

2018-11-16

Opning av Raudestova

Onsdag, i flott haustsol, markerte me at Raudestova er renovert. Dette gjekk til etter ein kjempeinnsats frå føresette og vaktmeistar i god dugnadsånd. Stova vart måla og fiksa etter alle kunstens reglar og er no like "god som ny"! Flott at så mange føresette tok turen til opninga. Det vart høgtideleg snorklypping av årets 7. klassingar, etter tale frå rektor. Etterpå kosa me oss med rykande varm kakao i grindaverket medan haustsola varma godt. Me gler oss til å ta denne flotte stova i bruk.

. . . . . . . . .

2019-08-27

Då er me i gang att :)

Hender med maling_370x231.jpg

Ynskjer både store og små vel møtt til eit nytt og friskt skuleår! Vonar alle har fått lada batteria og er klare for nye og spennande skuledagar hjå oss. :) 

Første veka vil i hovudsak gå ut på å bli kjent med rutinar, ordensreglar og nye skulebøker. Fint om alle legg på bokbind innan veke 36. 

Det vil også bli satt opp ein skuleutflukt i løpet av veke 34/35. Meir informasjon om turen kjem. I år går turen til Olavskjelda - spennande!! Mykje god lokalhistorie å finne ut om der. 

2018-08-17

Trefelling

Den store bjørka midt på uteplassen til skulen, stod for fall og det midt i skuletida. Då var det ikkje vanskeleg å få med mange gode hjelparar :) Etter felling, vart elevane utstyrde med godt verktøy og vips var bjørka nesten vekke. 

. . . .. . . . .

Det var også nokon som freista å finne ut kor gamal bjørka var. Dei kom fram til omlag 32 år, men dette talet kan nok diskuterast, då det ikkje var heilt enkelt å telje alle ringane. :) 

.

2018-04-22
Powered by CustomPublish AS