5 på gata

 

Amalie Råum (14)IMG_6253.JPG

  1. Er det noko du meiner manglar i Luster kommune?

Eg tenkjer ikkje så mykje over det til vanleg, men på aktivitetar hadde det vore kjekt med tennis. Me treng og ein skikkeleg badeplass med sandstrand i Gaupne.

  1. Kva synest du om jobbtilboda i Luster kommune?

Det kjem an på kva sommarjobb du vil ha. Det er gode moglegheita til å jobbe i forskjellige butikkar.

  1. Er du flink til å følgje med på kva som skjer i Luster kommune?

Nei, eg er veldig dårleg på å følgja med på kva som skjer rundt om i kommunen. Eg les verken avis eller nettavis, men eg får med meg ting gjennom andre.

  1. Synest du at me burde blitt slått i saman med Sogndal kommune?

Nei, det meiner eg absolutt ikkje, me klarar oss fint sjølv. Eg trur det hadde blitt ein altfor stor kommune.

  1. Kva er det flottaste med Luster kommune?

Det finaste med Luster kommune må vere fjella, det er masse fine stiar og fjellturar som Molden og Engjadalen. Det er mange gardar her og det er viktig å ha i ein kommune. Me har og fått ny fotballbane, det synest eg er skikkeleg bra.

 

 

Sandra Fristad (18)IMG_6256.JPG

  1. Er det noko du meiner manglar i Luster kommune?

Me treng betre kollektiv transport og at bussane går oftare.

  1. Kva synest du om jobbtilboda i Luster kommune?

Det er vanskeleg å få seg noko sommarjobb fordi det er ikkje så mange plassar, og dei fleste har ein fast jobb.

  1. Er du flink til å følgje med på kva som skjer i Luster kommune?

Ja det er eg. Eg les litt på nettavisa.

  1. Synest du at me burde blitt slått i saman med Sogndal kommune?

Nei, eg vil at me skal vere eigen kommune.

  1. Kva er det flottaste med Luster kommune?

Det flottaste i Luster kommune er naturen og at alt er nært.

 

 

 

 

Astri Drægni (86) og Andrea Øvrebø (64)IMG_6257.JPG

  1. Er det noko du meiner manglar i Luster kommune?

Eg syns eigentleg at me ikkje manglar noko, men eg skulle ønskt at nokon kunne ha lest avisa til meg fordi eg slit med synet seier Astri. Andrea meiner det går for sjeldan buss til og frå Sogndal.

  1. Kva synest du om jobbtilboda i Luster kommune?

Det er bra at bedriftene og jobbane i Gaupne ikkje slepp ut så mykje gassar som er skadeleg for miljøet. Men me kunne godt ha hatt fleire bedrifter innanfor jordbruk seier Astri.

  1. Er du flink til å følgje med på kva som skjer i Luster kommune?

Det er litt vanskeleg å lese avisa sidan eg slit med synet, men Andrea pleier å lese til meg å fortelje meg om forskjellige ting. Men Andrea følg godt med fordi ho pratar mykje med folk og les i avisa seier Astri.

  1. Synest du at me burde blitt slått i saman med Sogndal kommune?

Nei, små einheitar er sterkare.

  1. Kva er det flottaste med Luster kommune?

Det flottaste med Luster kommune må vere naturen, spesielt fjella og alle dei kjekke folka som bur her.

 

 

 

Wenche Eikum (48)IMG_6260.JPG

  1. Er det noko du meiner manglar i Luster kommune?

Me hadde trengt eit kulturhus her i Gaupne.

  1. Kva synest du om jobbtilboda i Luster kommune?

Det er ikkje så stort tilbod om jobb, men det er bra variert. Sjølv jobbar eg utanfor kommunen.

  1. Er du flink til å følgje med på kva som skjer i Luster kommune?

Ja, eg er flinkare enn dei fleste vil eg tru, sidan eg jobbar i avisa.

  1. Synest du at me burde blitt slått i saman med Sogndal kommune?

Eg har ikkje nokon sterke meiningar om det.

  1. Kva er det flottaste med Luster kommune?

Det flottaste med Luster kommune er folka som bur her og naturen. Terrenget er veldig variert slik at folk som er spreke og folk som er mindre spreke kan gå turar fordi me har både lange og korte turalternativ.

 

 

 

 

IMG_6262.JPG

Ronny Thunes (39)

  1. Er det noko du meiner manglar i Luster kommune?

Det skulle ha vore fleire sånne som meg.

  1. Kva synest du om jobbtilboda i Luster kommune?

Eg synest jobbtilboda er bra. Me har fleire store bedrifter som Fjordglas og NTP som søkjer folk heile tida.

  1. Er du flink til å følgje med på kva som skjer i Luster kommune?

Ja, fordi eg har ein jobb som gjer slik at eg pratar mykje med andre og får høyre det meste. Eg les ikkje avisa men eg er mykje på Facebook.

  1. Synest du at me burde blitt slått i saman med Sogndal kommune?

Nei, eg meiner at me bør vere eigen kommune. Meir samarbeid blir meir krøll meiner eg.

  1. Kva er det flottaste med Luster kommune?

Det flottaste er at det er masse kjekke folk og Luster kommune er ein landbrukskommune.