Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
8. april 2021 kl. 11:37

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
25. mars:

Heimesida er under oppdatering

Det kan vere noko ustabilitet. Me jobbar for å få alt på plass så fort som mogleg.      Les meir...

7. kl

Velkommen til nytt barnehage- og skuleår

Måndag 19.august kl.9.00 ynskjer me velkommen til  nytt skuleår. SFO har vanleg oppstart kl.07.30. Barnehagen har alt starta opp så dei er godt i gang med eit nytt barnehageår. Så velkommen til nye og gamle born/elevar, føresette og tilsette både i barehagen og på skulen. 

 

2019-08-16
7

God sommar

Med bilete av denne flotte gjengen vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ein god sommar.

2019-06-21
God sommar

Velkommen til sommarfest

Tysdag 18.juni kl. 18.00 -19.30 inviterar me til sommarfest for heile oppvekstsenteret. Det blir litt underhaldning i gym salen. Her blir det markering for dei som går siste året i barnehagen og for dei som går i 7.klasse. Etterpå blir det servering av kaffi, saft og kaker. Så velkommen til ei triveleg stund på oppvekstsenteret.

2019-06-13
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Tysdag den 19.mars kl. 11.00-13.00 inviterar me alle til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaker, kaffi og saft. FAU vil også ha loddsal.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil stå for underhaldninga denne dagen.

Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo.

 

2019-03-13
IMG_2967

God jul

Då vil me ynskja born, føresette og tilsette ei GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!

2018-12-23
IMG_4295[1]

Tradisjonell juletrefest

I kveld var mykje folk samla til tradisjonell juletrefest på Indre Hafslo. Elevane hadde øvd inn spelet "Nisse på ville vegar". Det var mykje tekst å øve på, og elevane var kjempeflinke. Her fekk me høyre om Nisse som slo seg i hovudet og ikkje visste kven han var eller kvar han høyrde heime. Me fekk oppleva troll som dansa, kattar og tre som kunne snakka og dyr som leika i skogen. På sjølvaste julafta fann Nisse endeleg ut kven han var, og han kom heim til Nissefar, Nissemor, Truls og Nille. Me fekk sjå mange gode skuespelarprestasjonar, og mykje flott song.

2018-12-18
Bilde 9

Juleverkstad

I dag var det tid for den tradisjonelle juleverkstaden på Indre Hafslo.Og mange foreldre, besteforeldre og oldeforeldre hadde møtte opp for å hjelpa oss. Heile dagen har me laga julekransar, jobba med filt, småsløyd og baka. Klokka 13.30 samla me oss til Lucia samling i gym salen. 3. og 4.klasse hadde ansvar for samlinga, og i tillegg til Lucia-opptog så sang dei også nokre svenske julesongar. Etterpå var det tid for å smake på baksten, og me avslutta samlinga med allsong. Ein koseleg dag er til ende, og me vil takke alle som møtte opp for å hjelpe oss slik at juleverkstaden blir kjekk for både små og store.

2018-12-13