8.kl

Last ned appen Visma Min Skole
Visma har laga ein app for meldingar mellom skule og heim. Her kan ein sende meldingar til kontaktlærar og melde inn fråver. For meir informasjon og lenkje til nedlasting:
https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole-foresatt/
Informasjonsskriv kull 2007
2020-06-04Tine Skulemjølk
Skulen har klargjort bestillingsportalen for skulemjølk. Ein har høve til å bestille to ulike produkt, grøn eller rosa mjølk.
Bruk fylgjande link: https://www.skolelyst.no/
Infoskriv tur til Veitastrond - mellomsteget
Her
finn de informasjonen som elevane får med seg heim frå skulen i dag. Me ser fram til ein kjekk tur.

Landsfinalen i "Sikker på sykkel"
Frode og Anna Maria deltok i landafinalen i "Sikker på sykkel" forrige helg. Dei måtte gjennom 4 delfinalar før vinnar vart kåra. Dei gjorde ein god jobb. Av 22 000 som har vore med i landet, konkurrerte over 20 finalistar (gute- og jente-klasse). Frode fekk ein flott 11.plass og Anna Maria tok nesten med seg ein sykkel heim i premie, enda på 4.plass. Flott innsats av begge :)

Kanonballturnering -aldersblanda
Tysdag veke 21 hadde me kanonballturnering på aldersblanda. Engasjerte elevar og lærarar hadde ei morosam økt ute. Etter at alle elevane hadde spelt mot kvarandre var det vinnarlaget mot lærararne. Og gjett kven som gjekk av med sigeren? Det var sjølvsagt elevane :)

Matematikkensdag - aldersblanda
Tysdag i veke 10 hadde me på mellomsteget matematikkensdag. Elevane hadde ei annleis økt med matte kor dei var innom fire stasjonar med mellom anna strikkhopping for Barbiedukker, bingo, 50-leiken og programmering.

Avisprosjekt 6.klasse
6.klasse er i gang med å lage si eiga avis. I den anledning laga Ingrid Johanne, Anna Maria, Ingeborg og Iselin intervju til Sogndal-spelarane Ulrik Fredriksen og Sigurd Haugen. Dei reiste til Fosshaugane for eit møte i sist veke. Kva som blei sagt kjem fram i neste utgåve av skuleavisa. Takk for gjestfriheiten Sogndal Fotball!

Glede andre - aldersblanda
Tysdag ettermiddagar denne hausten og vinteren har grupper frå 5.-7.klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule vore på “gleding” av andre. Dette har me lagt til dei aldersblanda gruppene me har kvar tysdag gjennom heile skuleåret.