A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Dugnad for andre

Dugnad for andre

"Ei verd i endring" er tema skulen jobbar med no. Nyheitsbiletet har lenge vore prega av flyktningkrisa, og verda og livet er for mange i stor endring. Me oppfordrar difor elevane til å gjera noko praktisk for å samle inn pengar som kan vera til hjelp. Arbeidsoppgåvene kan vera mange og varierte, det er opp til kvar heim å finne ut kva som passar dei best. Neste fredag samlar me inn konvoluttane att, og det blir spennande å sjå kor mykje 36 ungar klarar å samle inn. 

2015-11-07
Mat og helse, tallerkenmodellen

Middag kl 10 går heilt fint!

Tallerkenmodellen var eitt av måla i vekas mat og helse time.

2015-10-30
Omgrepshus om omgrepshus!

God helg!

Det er ikkje rart at skuledagane går fort når me ser tilbake på alt me har gjort dei to siste vekene!

2015-10-30
IMG_4216

Ei veke med mange prøvar...

Denne veka har det vore mange prøvar i 5-7.klasse. Det har vore M-prøvar, kapittelprøvar og nasjonale prøvar. Heldigvis så har me hatt tid til andre ting òg. Tysdag var me på konsert i Luster. Det var ein reise gjennom Europa med trekkspel. Me var i Bergen, Paris, Moskva, Ungaren og så tilbake til Noreg. Veldig flinke musikarar og ei kjekke oppleving! Elles har det vore ei flott skuleveke i eit nydeleg vêr!

2015-10-15
Visa

Snart haustferie!

No er det nesten stille på skulen. Alle elevane er reist heim, men det er nokre lærarar att. Så stille har det visst ikkje vore i heile dag, for i dag har me hatt KULTURØKT! Veldig kjekt med mykje folk innom dørane, både besteforeldre, foreldre, syskin, tante, onklar og naboar. Elevane hadde eit flott program og viste fram mykje av det dei har jobba med i desse vekene dei har vore på skulen i år.

2015-10-04
Målingsarbeid på gang

Utebord i nytt design

Uteborda våre har sett stusselege ut, og det tenkte me at me ville gjera noko med!

2015-09-24

DKS kjem i morgon!

Det har ikkje stått på vekeplanen til storskulen, men det blir DKS framsyning for elevane v/Sirkus Agora fredag kl 12. :)

2015-09-10
Fyrste klasseråd i haust

Demokratiet råder!

I dag har me hatt val i storskulen.

2015-09-10
IMG_3650

Strikking med noko attåt

I kunst og handverktimen i dag vart strikketøyet henta fram att.

2015-05-22
Powered by CustomPublish AS