A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med heimen

strikking-illustrasjon

Torsdag 4.februar: Kom og hjelp 3.-7.klasse med

STRIKKING - open dag for alle som vil hjelpe elevane

4.februar frå kl 9.30 til 13 inviterer me alle som kan strikke og vil hjelpe elevane med dette til ein slags strikkekafé på skulen. Det blir servering av kaffi og lett formiddagsmat for gjestene - meld deg på via e-post (mette.f.reinertsen@luster.kommune.no) eller sms (91715162) til Mette rektor/styrar (så me veit kor mange som kjem). Me vil fordele gjestene på elevgruppa, og elevane vil ha ulike prosjekt etter interesse og kor langt dei er komne i læringsprosessen. Om du har rundpinnar og strikkepinnar du vil gje til skulen, tek me gjerne imot dette! 

2016-01-28
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

"Omvendt julekalender" på skulen

Solidaritet i førjulstida

No er haustaksjonen til inntekt for born på flukt i/frå Syria avslutta, og me fekk inn 13200 kroner! Det er me stolte av, men like viktig er det at ungane ved oppvekstsenteret lærte om born på flukt og andre ting knytt til flyktningekrisa. Me vidarefører solidaritetsarbeidet no i desember mellom anna med "Omvendt julekalender" på skulen. Dette er eit opplegg laga for skular der me kvar dag ser ein liten videosnutt frå ulike born sin situasjon rundt om i verda, og elevane her kan avtale å gjere små jobbar heime som dei får pengar for frå foreldra og leverer i ein lukka konvolutt kvar tysdag fram til jul (ingen ser om det er pengar i konvolutten eller ikkje). Sjå gjerne dagens kalenderluke i lag heime!

2015-12-02
Logo55_m-visjon21

Onsdag 28.okt: Middag og konsert - alle er velkomne!

Innsamling til flyktningane i Syria: Støttekonsert m/middag

Elevane i 5.-7.klasse serverer middag PÅ SKULEN frå halv fire til halv fem, og me samarbeider med Rockeverkstaden om konsert I DØLAHEIMEN etterpå (start kl halv fem). Det kostar 200,- for vaksne og 50,- for born, pengane går til vår eigen Redd Barna-aksjon. FAU hjelper oss med kakebaking, praktisk rigging og rydding og kaffikoking i Dølaheimen. Om nokon vil gje meir eller dele aksjonen med andre, er lenkja HER, det er berre å starte innsamlinga!
2015-10-28

Foreldremøte og foreldresamtalar haust 2015

Onsdag 16.sep: Foreldremøte 2.-4.klasse (kl 19-20) og 5.-7.klasse (kl 20-21)

22.-24.sep: Foreldresamtalar 2.klasse

29.sep: Foreldremøte barnehage

4.-5.nov: Foreldresamtalar 3.-7.klasse

 

2015-09-04

Skule, sfo og barnehage:

Felles foreldremøte torsdag kl 19.30

Saker på møtet: Visjon, satsingar dette året, utvida barnehage med bruk av Matsalen (og status i saka om utbygging av samfunnsbygget), konstituering av fau og SU, vanlege informasjonssaker. Meld frå til Mette om saker de ynskjer å ta opp!

2015-08-26

Kven er med i dei ulike rådsorgana?

Råd og utval - oversikt 2015/2016

Foreldreutval, Foreldreråd, Foreldrearbeidsutval (FAU), Elevråd, Skulemiljøutval (SMU) og Samarbeidsutval (SU)

2017-10-05

Mette rektor/styrar sin

Presentasjon for formannsskapet 20.mai 2015

2015-08-25

Onsdag 17.juni kl 17.30

Sommarfest skulen - arbeidsliste frå FAU

Anny handlar inn kaffi, brus og tilbehør.

Klassekontaktane møter kl 16.15 for å dekke bord og koke kaffi:

  • Vidar Aasen, Bente Myklebust, Even Loe, Anny  Yttri Snøtun, Svanhild Prestegård, Vibeke Viem, Oddmund Hoel.

Desse bakar:

2015-06-08

Barnehagedag på museet torsdag 11. juni

Avreise frå bhg ca kl 8.45

Kvar unge tek med sekk med bytekle, mat og drikke.

Attende i bhg seinast kl 14.30

Dei ungane som har fri kan vere med til museet, i lag med ein foreldre/føresett.

For meir informasjon, sjå vedlegg her PDF document ODT document og her PDF document ODT document

2015-08-30
anne 1830

Grillfest i barnehagen og sfo

Velkommen til grillfest tysdag 9.juni frå kl 15.30.

Alle tek med det dei treng av grillmat. Me i barnehagen syter for varme grillar, is og brus til ungane og kaffi og kaker til dei vaksne.

Viss været blir dårleg, er me inne i samfunnshuset.

Me minner om at foreldra har ansvar for sine eigne ungar under festen.

Ta gjerne med søsken, besteforeldre og andre som måtte ynskje det!

Vel møtt!

2015-06-02
Powered by CustomPublish AS