A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

Elevane i 6.-7.klasse har fått kvar sin antologi med 10 tekstutdrag:

Tid for ti - leselyst på nynorsk

HER ER LENKJE til aksjonen sine nettsider med konkurransar m.m.

2016-01-26

Multi halvårsprøver

Her er lenka til prøvesida (hugs kode frå lærar): http://web3.gyldendal.no/Kartlegging/

2016-01-15
julelunsj

Etter ei innhaldsrik førjulstid, vil me ved oppvekstsenteret ynskje alle

God jul og godt nyttår!

Sjå bilete frå den fine førjulstida med mykje samarbeid mellom skulen og barnehagen. Både skule og barnehage startar opp tysdag 5.januar i 2016. Takk for i år!

2015-12-24

Tora skreiv ein av dei tre bokmeldingane som vart

Beste bokmelding siste månaden av BOKSLUKARPRISEN

5.-7.trinn var i haust med på ei årleg bokavstemming som heiter "Bokslukarprisen". Der las me kvar veke eit utdrag frå ein ny norsk barne-/ungdomsbok, og stemte til slutt på kva for eit tdrag me tykte skulle gå til finalen. Kva bok som vinn, vert avgjort til våren. Medan me las, jobba me òg med sjangeren BOKMELDING. Dei i sjuande klassen som ville, kunne legge ut dei siste bokmeldingane sine på nettsida til Bokslukarprisen.

2015-12-17
kodetimen

Minecraft og Star Wars - lær å ta kontroll over datamaskina!

Kodetimen 2015

Her er lenkje til kodetimen Minecraft for 3.-4.klasse. Her er lenkje til kodetimen Minecraft for 5.-7.klasse.

Her er lenkje til kodetimen Star Wars for 3.-4.klasse.

Her er lenkje til kodetimen Star Wars for 5.-7.klasse.

Logg inn med fornamn og passord frå lappen du fekk av Mette (det går an å gjere kodetimen utan brukarnamn og passord frå Mette òg - berre gå inn på www.code.org).

2016-01-05
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

"Omvendt julekalender" på skulen

Solidaritet i førjulstida

No er haustaksjonen til inntekt for born på flukt i/frå Syria avslutta, og me fekk inn 13200 kroner! Det er me stolte av, men like viktig er det at ungane ved oppvekstsenteret lærte om born på flukt og andre ting knytt til flyktningekrisa. Me vidarefører solidaritetsarbeidet no i desember mellom anna med "Omvendt julekalender" på skulen. Dette er eit opplegg laga for skular der me kvar dag ser ein liten videosnutt frå ulike born sin situasjon rundt om i verda, og elevane her kan avtale å gjere små jobbar heime som dei får pengar for frå foreldra og leverer i ein lukka konvolutt kvar tysdag fram til jul (ingen ser om det er pengar i konvolutten eller ikkje). Sjå gjerne dagens kalenderluke i lag heime!

2015-12-02

Høyr elevane i 5.-7.klasse sitt deialektprosjektprodukt

"Lyden av Luster" - podcast

Her kan de høyre podcasten med resultata av det elevane har undersøkt om jostedalsdialekta.

2015-11-24

Endre verda - like mogelegheiter!

Kodetimen 2015

 

(Nynorsk omsetting v/Mette F. Reinertsen)

2015-11-24

5.-7.klasse har vore med på kommunalt dialektprosjekt:

"Lyden av Luster" - stem på det finaste dialektordet!

Stem her:

 

2015-11-17

Annakvart år deltek elevane på 5.-7.trinn i ei stor spørjing om læringsmiljø

Elevundersøkinga haust 2015

HER er informasjon om undersøkinga til elevar, lærarar og foreldre. HER er lenkje til undersøkinga (ikkje mogleg å komme inn utan brukarnamn og passord, og ikkje mogleg å komme inn etter at undersøkinga er svart på).

2015-10-27
Powered by CustomPublish AS