A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

3. kl

Snøen kom og snøen reiste

Elevane var ikkje seine med å komme seg i akebakken då snøen kom til Solvorn. Men - slik vintrane er vortne no, må ein hive seg rundt litt fort, dersom ein skal rekke å nyte snøen... Snøen kom fort....og reiste like fort. :) 

Aking i bakken 1_178x238.jpg Aking i bakken 2_142x189.jpg Aking i bakken 3_142x189.jpg

2017-11-17

Strandsitjardagane 2017

Då var Strandsitjardagane 2017 vel overstått for denne gong. Dette har vore ei særs god og vellukka gjennomføring, og elevane har hausta mange og gode erfaringar. Vi har jobba tverrfagleg med stradsitjarmiljøet som hovudtema i nokre veker no, og det var kjekt for elevane (og lærarane) å få vise fram alt det flotte me har laga. Det var mange som var innom veggen vår og studerte alt frå gamle yrker til gamle reiskapar. Me vil også rette ein spesiell takk til alle som lånte ut gamle verktøy og reiskapar. Det er ekstra lærerikt for elevane å sjå desse i verklegheita, og ikkje berre på bilete! Håpar alle føresette også hadde ein flott dag, der de fekk sjå litt av det me driv på med, her på oppvekstsenteret. Me gler oss allereie til neste gong det er strandsitjardagar her i Solvorn. 

Samling på kaia_259x194.jpg Leseøkt_259x194.jpg Historieveggen_259x194.jpg Sjø 2_202x269.jpg Sjjø 1_274x365.jpg Teikningar 1 og 2 klasse_259x194.jpg

2017-09-27

Fantastisk start på nytt skuleår!!

Då var skuleåret 2017/18 godt i gong, og det ser ut som at alle tykkjer det er greit med gode skulekvardagar att. August og skulestart er nesten synonymt med gode værmelingar og strålande sol.. Dette fekk me merke på beste måte då me avslutta første skuleveka med ein fantastisk tur til Huarplassen. Elevane var særs flinke til å gå, og dei let vel omlag heile vegen. Me fekk også ei spennande oppleving på toppen, då me møtte på ein nokså stor (!!) og doven hoggorm, som låg og sola seg. Dette var både morosamt, men også litt skummelt. :) Turen gav iallefall meirsmak, og me vil nytte dette skuleåret til å urforske nærmiljøet vårt i flotte Solvorn. 

Alle klare til å reise på tur_559x419_259x194.jpg Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen

2017-08-29

Sommarferie

Ynskjer alle ein fin sommar:) Takk for samarbeidet:)

Fleire elevar har lånt bøker, det er ok. Fint om de er med på sommarles! Ikkje gløym å les i sommar;) 

Takk til fam. Frattasio/Skår for mange fine engelskbøker:)

2017-06-15

Skuleutflukt til Heibergske samlingar på Kaupanger

Onsdag 31 mai, reiste maxiane og 1.- 7.klasse i lag til museet på Kaupanger. Der fekk vi omvisning av dyktige og kunnskapsrike ansatte ved museet, der temaet var "Eventyr". Vi fekk sjå (og klappe) både hest, sau og ku. Vi fekk også oppleve eventyrforteljing og hoppe i høyet. Dette var kjekt, og me ynskjer å komme att på besøk ein anna gong også. :)

Fin gjeng med godt humør_166x221.jpg Gamalsort ku_102x136.jpg Gamalsort sau_113x98.jpg Gamalt tun_166x221.jpg Hoppa i høyet_128x96.jpg

 

2017-06-08

Aktivitetsplan våren 2017

Det er mykje som skjer på skulen vår framover. Her er ei liste over viktige dagar og hendingar fram mot sommarferien. :) 

Aktivitetar ved Solvorn oppvekstsenter sommar -17.pdf 

2017-05-15

Symjing

Det vert ikkje symjing på torsdag i veke 19, då det er kurs i bassenget. Då er me ferdige med symjing for i år.

2017-05-07

Symjing veke 16 - 19

På torsdag 20.4 er me igang med symjing att:) Hugs oppmøte på kaia kl. 8.00!

 

2017-04-19

Påskelunsj:)

På fredag vert det påskelunsj for alle på oppvekstsenteret. Denne dagen treng ikkje elevane ha med seg niste:)

God påskeferie!

2017-04-03

Uteleik = sunne ungar på heile oppvekstsenteret:)

Den første vårmånaden er godt i gong, og vèret viser seg frå mange sider desse dagane. Då er det godt at ungane på heile oppvekstsenteret har gode utekle som toler leik og uteaktivitetar. Dette gir glade og sunne ungar. :) Det er mykje god læring i leik!!  :) Uteleik i regnvèr 1 2017  

Uteleik

2017-06-01
Powered by CustomPublish AS