A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Skidag

Siste dag før vinterferien hadde me skidag på Heggmyrane. Der kosa me oss med skileik og mykje god mat. Vi hadde til og med eit mini-OL på tampen av dagen. Veldig kjekt og kjempegod innsats frå alle elevane. Mange gryande talent i Solvorn/Urnes, som me nok kjem til å sjå mykje meir av i framtida. :)  Vonar alle har hatt fine vinterferiedagar og at de alle no er klare til å byrje på skulen att måndag 26.februar klokka 08.30. :) Vel møtt!

Eskil OL_174x232.jpg  IMG_20180219_142038_100x133.jpg  Klar til start_155x116.jpg  Side om side_100x133.jpg

2018-02-25

Solfest

Den 6.februar kom sola attende til skulen. Dette måtte me sjølvsagt markere. Elevane fekk forskjellege oppgåver knytt til temaet sol og gult. Det var underhaldning med både song, dikt, framføring av solsystemet, solpynta bord og ikkje minst mykje god (og gul) mat. :) Her var dei aller fleste engasjert på kvart sitt fagfelt, og om me legg góviljen til, såg me nett i sola også. 

Elevar_200x267[1].jpg  Barnehagen_255x191.jpg  Dikt Ylva og Charlotte_200x267.jpg  solsystemet 1_200x267.jpg  solsystemet 2_200x267.jpg  solsystemet 3_200x267.jpg  Gulrotsuppe_200x267.jpg  Solvafler_200x267.jpg  Solpai_274x365_374x498.jpg

2018-02-10

JAnuar :)

Tida går som oftast fort i januar, so også på skulen. Me skriv allerede veke 4, og me har fult opp med mange lærerike aktivitetar, både i timane og i friminutta. Snøen er ein viktig faktor for aktive friminutt der fart, morro og samspel står i fokus. Både elevar og lærarar krysser fingrar og tær for at den skal halde seg stabil i lang tid framover :) God veke til store og små frå oss på oppvekstsenteret. :)  

 

2018-01-21

Godt nytt år!

Me ynskjer godt nytt år til alle elevar og føresette ved Solvorn oppvekstsenter. Vonar de har hatt ei fredfull juleferie og er klare til nye skuledagar hjå oss.

Me takkar for eit godt samarbeid med dykk foresette og samarbeidspartnarar gjennom 2017. Me set stor pris på kvar og ein av dikka. 

Desember gjekk fort og me laga mange kjekke og lærerike minne saman. Me gler oss til å treffe alle att onsdag 4/1 2018 klokka 08.30. 

Julefest1_259x194.jpg Julefest2_259x194.jpg Julelunch1_202x269.jpg Luciafeiring_259x194.jpg Nissemarsj_274x365.jpg Peparkakeby2_259x194.jpg Peparkakeby_288x216.jpg

2018-01-02

Snøen kom og snøen reiste

Elevane var ikkje seine med å komme seg i akebakken då snøen kom til Solvorn. Men - slik vintrane er vortne no, må ein hive seg rundt litt fort, dersom ein skal rekke å nyte snøen... Snøen kom fort....og reiste like fort. :) 

Aking i bakken 1_178x238.jpg Aking i bakken 2_142x189.jpg Aking i bakken 3_142x189.jpg

2017-11-17

Elevkveld

Onsdag 4.oktober er det elevkveld for mellomtrinnet her på skulen. Elevane møter klokka 18.00, og so prøver vi å pakke saman klokka 19.30 :) Vi satsar på å lage "piffigryte" (+ litt pølse m/brød). Elevane kan ha med ei lita flaske brus (max 0,5 l) og litt snop (til ca 30,-) om dei vil. Dette vert morro!!! PS: dei kan òg ha med ein liten kosebamse om dei vil også...  :) 

Illustrasjonsbilde_300x300.jpg

2017-10-03

Kunst og handverkstimen

Me driv på med mykje løge i kunst og handverkstimen. Skal tru kva dette skal bli?? :) 

Elevar rører i bøtter_259x194.jpg Hanskar i sanden_274x365.jpg Koppar med sement_259x194.jpg

2017-09-27

Strandsitjardagane 2017

Då var Strandsitjardagane 2017 vel overstått for denne gong. Dette har vore ei særs god og vellukka gjennomføring, og elevane har hausta mange og gode erfaringar. Vi har jobba tverrfagleg med stradsitjarmiljøet som hovudtema i nokre veker no, og det var kjekt for elevane (og lærarane) å få vise fram alt det flotte me har laga. Det var mange som var innom veggen vår og studerte alt frå gamle yrker til gamle reiskapar. Me vil også rette ein spesiell takk til alle som lånte ut gamle verktøy og reiskapar. Det er ekstra lærerikt for elevane å sjå desse i verklegheita, og ikkje berre på bilete! Håpar alle føresette også hadde ein flott dag, der de fekk sjå litt av det me driv på med, her på oppvekstsenteret. Me gler oss allereie til neste gong det er strandsitjardagar her i Solvorn. 

Samling på kaia_259x194.jpg Leseøkt_259x194.jpg Historieveggen_259x194.jpg Sjø 2_202x269.jpg Sjjø 1_274x365.jpg Teikningar 1 og 2 klasse_259x194.jpg

2017-09-27

Fantastisk start på nytt skuleår!!

Då var skuleåret 2017/18 godt i gong, og det ser ut som at alle tykkjer det er greit med gode skulekvardagar att. August og skulestart er nesten synonymt med gode værmelingar og strålande sol.. Dette fekk me merke på beste måte då me avslutta første skuleveka med ein fantastisk tur til Huarplassen. Elevane var særs flinke til å gå, og dei let vel omlag heile vegen. Me fekk også ei spennande oppleving på toppen, då me møtte på ein nokså stor (!!) og doven hoggorm, som låg og sola seg. Dette var både morosamt, men også litt skummelt. :) Turen gav iallefall meirsmak, og me vil nytte dette skuleåret til å urforske nærmiljøet vårt i flotte Solvorn. 

Alle klare til å reise på tur_559x419_259x194.jpg Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen Huarplassen

2017-08-29

Velkommen til alle på mellomtrinnet! :)

Håpar alle har hatt ein flott sommarferie, og er klare for nye skuledagar.

Eg gler meg til å treffe dykk att.

Ynskjer også spesielt velkommen til 5.klassingane våre, som er nye på mellomtrinnet :)

Velmøtt til alle!!! 

skulebarn

2017-08-18
Powered by CustomPublish AS