A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
IMG_3899

OL dag

I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.

Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling. 

Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling. 

2018-02-27
skidag 6

God vinterferie

Med dette bilete frå skidagen vår på Heggmyrane vil me ynskje alle ein fin vinterferie.

Takk til Sogn skisenter som kvart år tek i mot oss til den årlege skidagen. Det set me stor pris på.

Vil de sjå fleire bilete frå skidage så sjå under bileta til 1.klasse.

2018-02-18

God vinterferie!

Med bilete av dei siste prosjekta i kunst og handverk, vil me få ynskje foreldre og elevar i 5.-7.klasse ein god vinterferie!

 

IMG_20180216_134654[264].jpg  IMG_20180216_134805[261].jpg

2018-02-16

Lesevake 2018

Tysdag 23.januar var det klart for lesevake for elevane i 5.-7.klasse. Dei møtte på skulen til klokka seks, tungt lasta med soveposar, dyner, madrasser, pysjar og tannkostar. Etter ei matøkt med god (og STERK!) taco, var det klart for bokpresentasjonar - 15 flotte presentasjonar vart vist fram, nokre av dei så skumle at me lurt på om me kom til å å sove om natta. Men det gjekk flott, onsdagsmorgonen vakna ein blid og fornøgd gjeng til opprydding og frukost, før dei reiste heim til ei velfortent avspasering.

IMG_3880.JPG  IMG_3884.JPG IMG_3885.JPG  IMG_3887.JPG

2018-02-01
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag den 2.februar kl. 11.00 til 13.00 er alle velkomne til  bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaffi, kaker og saft.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil underhalde.

Så ta med familie, venner eller naboen til ei koseleg stund på oppvekstsenteret.

Helsing 5,.6. og 7.klasse.

2018-01-26
God jul

God jul

Då vil me på Indre Hafslo oppvekstsenter få ynskja alle ei god jul og eit godt nytt år!

2017-12-22
lunsj

Julelunsj

I dag var både små og store på oppvekstsenteret samla til julelunsj i gym salen på skulen. Elevane i 5.,6. og 7.klasse hadde stått på sidan tidleg på morgonen slik at me alle kunne nyta ein god lunsj.Barnehagen haddde laga gode salatar og tilsaman vart dette eit flott lunsjbord. Me starta den fine førjulsstunda med å synge julesongar, og Ida Kristin spela trekkspel til songane. Etterpå hadde me ei koseleg stund med god mat og god prat. 

2017-12-19
Powered by CustomPublish AS