A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Klassar

Bilete frå open skule 2.november

Onsdag 2. november var det open skule på Hafslo. Me ønskja å syne fram den nye, flotte skulen vår. Det var mange som møtte. Elevane arbeida på stasjonar, med mellom anna veving, keramikk, musikk, fysisk aktivitet, programering, fagrelaterte spel og kafè.

Me vil takke alle elevar og tilsette for god innsats. Me vil òg takke alle som møtte og bidrog til å gjere dette til ein flott og vellukka dag!

2016-11-13

NYTT SFO ÅR

Velkommen til nytt SFO år på Hafslo SFO. 

Heilt ny SFO, med helt nye møblar, litt nye leikar, mange nye 1.klassingar og enda fleire 2. til 3. 4 klassingar. Dette blir BRA :) 

Me som jobbar på SFO er veldig spente og klare for nye spenande dagar som me ynskjer å fylle med leik og moro. 

Foreldremøte på SFO får de snart innkalling til, og me vil prøve å få det på same dag som 1. klasse. De vil få lappe i skulemappa til borna.

VELKOMMEN

2016-08-15

Ny rektor tilsett.

Hilde Holte Selland er tilsett som ny rektor ved Hafslo barne- og ungdomsskule og Veitastrond skule. Hilde kjem frå lærarjobb ved Gaupne skule, samt at ho siste åra har hatt ein utviklingsstilling på oppvekst i Luster kommune. Hilde er busett på Hafslo.

Me ynskjer Hilde hjarteleg velkomen som rektor!

2016-07-08

OPPSUMMERING SISTE VEKER

Dei siste vekene som har gått har det ikkje blitt informert her på sida, men no kjem ei lita oppsummering.

Me har hatt nokre aktive veker no, med masse uteleik, Judith har laga seljefløyte med dei som ville det, me har hatt foreldrekaffi som var veldig kjekk med flinke ungar som hadde sirkus i gymsalen, og mange foreldre og syskjen på besøk. Me har rydda og pakka på SFO, og no er det snart historie å bruke gamle gymsalen til SFO. 

Me har laga mykje god mat, blandt anna fisketaco, fiskekaker og makaroni, pizza og salatbuffet. Borna på sfo er veldig flinke til å ta utfordringane dei får med å smake på ting dei ikkje har smakt før. Det har vorte litt "poppis" å tore å smake, noko me som jobbar på sfo tykkjer er veldig kjekt. 

Alle borna på sfo skal no ha fått med seg det dei har hatt i skuffa si på sfo. Nokre hadde mykje medan andre ikkje hadde noke. 

Minner om at me frå i morgon (1.juni) har ettermiddags-sfo på skulekjøkkenet, og frå måndag 6.juni er all sfo drift ved skulekjøkkenet.

2016-05-31

Quizlet

Week 15

2016-04-05

Quizlet

Week 9

2016-02-24

Quizlet

Week 3

2016-01-14

Quizlet

Week 2

2016-01-05

Quizlet

Week 40

2015-09-22
Powered by CustomPublish AS