A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veitastrond

Foreldremøte 7. september

FORELDREMØTE 7. SEPTEMBER

Det vert med dette invitert til foreldremøte på skulen måndag 7. september  kl 14.30.

         Sakliste:

       - Informasjon

       - Skuleåret 2015/16

       - Uteområde, status

       - Val av foreldrekontakt og SU-medlem

       - Ymse

Vel møtt!

 

2015-09-04
VEITASTROND1

Nytt skuleår er i gang.

Då er skuleåret i gang, dette året er det 7 elevar på skulen. Me ynskjer våre nye elevar Marius(1. klasse) og Andrej(5. klasse) velkomen til skulen.

Uteområdet er under "opprustning", og no har me ei heilt ny hinderløype på plass.

Måndag 24. august hadde me besøk av NRK, som laga ein reportasje om skulen. Den finn de her: http://www.nrk.no/sognogfjordane/her-har-dei-ein-rein-guteskule-1.12515691

 

2015-08-25
17

17. mai på Veitastrond

2015-05-11

Fyrste barnehage- og skuledag etter nyttår er måndag 5. januar.

2014-12-30
luciatog

Fin julefest på Veitastrond

Måndagskvelden inviterte barnehagen og skulen til den årlege julefesten på Veitastrond. Kring 60 peronsar møtte til festen, og her fekk me servert mykje flott underhaldning av borna, julesangar, gang rundt juletre, gode smørbrød, kaffi og brus.............Til slutt kom Veitastrondsnissen innom festen. Ein kjekk kveld på ein kreativ barnehage og skule. Takk til barnehageborna, skuleelevane,  Helge, Torstein, Rakel, Aud Marit, Leon, og foreldra for god innsats i samband med festen.

De har sett oss i god julestemning!

2014-12-17

Julefest, måndag 15. desember!

Julefesten ved Veitastrond barnehage & skule vert måndag 15. desember kl 18.00.

2014-11-19

Den kulturelle skulesekken.

Skulen har jamnleg besøk av "Den kulturelle skulesekken". I lenka under ser de tilboda dei har dette skuleåret. 

Tilbodet i Den kulturelle skulesekken er samla i ein digital katalog:  http://issuu.com/sognogfjordanefylkeskommune/docs/den_kulturelle_skulesekken/1

Dersom de ynskjer meir info kan de gå inn på nettstaden www.ksys.no - der kan de finne fram til Hafslo barne- og ungdomsskule.

2014-10-31
VS-SKULEMÅLTID3

Fellesmåltid for barnehagen og skulen

Måndag 27. okt var det tid for det månadlege fellesmåltidet for bhg og skulen. Elevane hadde laga graut og spekemat. Maten var nydeleg, og alle åt rikeleg med graut. Ei fin stund rundt bordet, der alle koste seg.

2014-10-28

BliMe-dansen 2014

Øv på "BliMe-dansen 2014" - du finn den her:

http://nrksuper.no/super/blog/laer-deg-blime-dansen-2014/

BliMe-dansen vert gjennomført fredag 24. okober kl 12.00.

 

2014-10-01

Viktige dokument for Veitastrond skule

Satsingsområde og aktivitetsplan for 2014-15:

Satsingsområde og aktivitetsplan 2014-15.pdf

Ordensreglar for Veitastrond skule, vedteke i Samarbeidsutvalet 29. sept 2014:

ORDENSREGLAR FOR VEITASTROND SKULE.pdf

 

 

 

2014-10-01
Powered by CustomPublish AS