10. kl
Fellessamling januar - oppstart av kampanjeveka VENSKAP
Torsdag 25. januar arrangerte me ei fin fellessamling ved skulen vår. Denne gongen var det 1. og 6. klasse som stod for underhaldninga. Dei imponerte stort med både sang, dans og presentasjon av naturfag/samfunnsfagprosjekt. 1. klasse hadde øvd inn fleire songar og viste oss eit utruleg flott kor. 6. klassingar som står framfor heile skulen med både dans og føredrag imponerer med kor trygge og flinke dei har blitt. I tillegg til alt dette, dansa 1. og 6. klasse saman til Norill sin musikk. Veke 5 er kampanjeveke med venskap som tema. Den siste tida har elevane i arbeidslivsfag frå 8. og 9. klasse snikra og måla nokre fantastisk flotte benkar til oss. Venskapsbenkane vart avduka denne dagen og plassert rundt i gongane på skulen. Tusen takk for ei så flott gåve! Me er veldig stolte av elevane (og dyktige lærarar).
Aldersblanda mix
Den første gjengen på aldersblanda mix- animasjon er no ferdige med produksjonen av filmane sine. Ein kreativ gjeng som har jobba godt dei tre tysdagane me har hatt dette. Sjå resultata på youtube - aldersblanda mix.
Kodetimen 2017
Då har 5., 7A og 7B også hatt kodetime. Veldig kjekt i alle klassane!
Dersom nokon har lyst å fortsette å kode heime, kan de gå inn på denne linken: https://kidsakoder.no/kodetimen/oppgaver/
Visma
Minner om at alle må gå inn på Visma. Link finn du på framsida på heimesida.
Viktig at de går inn på samtykkeskjema og kryssar av. Har de fått ny adresse er det fint om de fiksar dette og.