Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg utdeling. I år 2021 er det 31. gongen denne utmerkinga vert delt ut. Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen. I statuttane for tildelinga står det mellom anna: «Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

I år 2021 går prisen til eit etablert føretak. Verksemda har markert seg ekstra godt no siste året, med stor satsing og nyinvestering. Årets bedrift i 2021 er Vest Asfaltfresing. Eg vil be dagleg leiar og eigar Johannes Flohaug og styreleiar Erik Flaten om å komme fram.

Kvifor har så Vest Asfaltfresing fått denne utmerkinga:
Vest Asfaltfresing vart skipa i 2007. Johannes Flohaug har med unnatak av oppstartsåret eigd verksemda åleine. Vest Asfaltfresing har som namnet seier asfaltfresing som sin hovudaktivtet. I starten var Austlandet eit viktig marknadsområde, men etter kvart har gamle Sogn og Fjordane vorte viktigast. Dei starta med tre tilsette, dei er no seks tilsette og vil tilsetje fleire i nær framtid. Dei ser gode mulegheiter i marknaden framover. Sesongen for asfaltfresing er frå mars/april til desember. Dei har dei siste åra også satsa på feiing etter veger og parkeringsplassar. Selskapet har i dag tre asfaltfresar, tre vogntog og ein feiebil.

I 2009 kjøpte verksemda tomt på Røneidsgrandane og bygde bygg der. Etter kvart vart det behov for større bygg slik at det i 2020 vart bygt nytt bygg på Gaupnegrandane. Her er det etablert byggmasse på ca 1250 m2. Det er verkstadbygg, men og tre vaskehallar. Vaskehallane er eit nytt forretningsområde med tilbod til privatbilistar og firma med større bilar. Alt no har selskapet avtalar om bruk av vaskehallane med Tide buss og fleire andre storbilkundar. Vaskehallane er ei miljømessig rett satsing med svanemerka vaskemiddel og energieffektiv oppvarming av vatnet.

Vest asfaltfresing er og i ferd med å bli miljøsertifisert bedrift. Heile investeringa på Gaupnegrandane er på vel 17 mill kr. Vest Asfaltfresing har vore bevisste på å nytte lokale leverandørar i byggeprosessen. Flohaug har som eine-eigar i verksemda vore oppteken av å ha ekstern styreleiar i selskapet. Onkelen hans Erik Flaten har vore styreleiar, han har brei bakgrunn og har vore viktig i dei tunge satsingane som er gjennomførde. Det har vore satsa på god økonomistyring og økonomien til verksemda er solid.

Til slutt: Vest Asfaltfresing er ei viktig verksemd i Luster kommune. Det er viktig for ein kommune å ha verksemder med god kunnskap og som satsar i regionale og nasjonale marknader.
Lukke til framover med nye kontraktar.