Stavkyrkjene på 1800-talet – riving eller vern?

Torsdag 20. april kl. 19 bør alle som er interesserte i stavkyrkjene og andre kyrkjeskattar ta turen til museet. Der vil Sine Bjordal halda føredrag om arbeidet med å redde og bevare stavkyrkjene våre på 1800-talet.
Bjordal studerer stavkyrkjehistoria på 1800-talet frå ein litt annan ståstad, og ho vil i føredraget setje fokus på korleis bevaringa av stavkyrkjene var eit resultat av både lokal, nasjonal og til dels også internasjonal innsats. Ho vil dessutan særleg ta føre seg 1800-talets debattar om bevaring og vern, og kva som stod på spel for dei ulike aktørane – lokalt og nasjonalt.

Arrangør: DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM
: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
Tid: torsdag 20. april 19:00
Alle
http://www.dhs.museum.no