Kurs i grafikk

KURS I GRAFISKE TEKNIKKAR
Balestrand Kunstlag skal arrangere kurs i grafikk i juli og august 2017. To av kursa vil ha hovudfokus på litografi, det tredje vil ta for seg litt ulike teknikkar. Kvart kurs går over fire dagar, torsdag til søndag. Ein kan delta på eitt eller fleire kurs. Kursa høver for alle som har lyst å prøve seg på grafikk, frå nybyrjarar til erfarne kunstnarar. Du utformar biletet, kurset fortel deg korleis du kan trykke det.
Alle kursa vil vere på Sagatun Skule og vi vil ha to presser tilgjengeleg. Til litografi brukar ein tradisjonelt stein som trykkeplate. På desse kursa vil vi bruke spesialbehandla aluminiumsplater som gjer at ein kan trykke i vanlege djuptrykkspresser.
Kursleiar er grafikar og kunstnar Alain Chardon, som driv og eig den grafiske verkstaden og trykkeriet Quadrat9 i Barcelona. Magne Vangsnes har nytta verkstaden til Alain i mange år. «Norske Grafikere» har ei stipendordning for grafikarar som ynskjer å arbeide på verkstaden hans. Det er med andre ord ein kapasitet på området som kjem til Balestrand!
Kurs 1: torsdag 20. – søndag 23. juli
Litografi på aluminiumsplate – «tradisjonelle» teknikkar
- Utforming av motiv på plata med tusj, feittkritt eller måling med pensel
- Fiksering og bearbeiding av plata
- Trykking
Kurs 2: torsdag 27. – søndag 30. juli
Litografi på aluminiumsplate – «moderne» teknikkar
- Teikning på plata med toner
- Overføring av motiv frå datatrykk
- Bruk av offset plate.
- Fiksering og bearbeiding av plata
- Trykking.
Det er ikkje nødvendig å har vore med på kurs 1 for å delta på kurs 2
Litografi går ut på at ein utformar motivet på trykkplata med teikning, måling, eller liknande. Gjennom ein eigen prosess bearbeider ein så plata slik at motivet blir fiksert og kan trykkast. Til dette nyttar ein seg av både syrer, gummi arabicum og vatn. Grunnlaget for teknikken er at vatn og feitt ikkje blandar seg.
For å utnytte tida best mogeleg kan det vere lurt å ha tenkt ut idear til motiv på førehand. Tenk enkelt; kvar farge må trykkast for seg. Ein kan få fram mange ulike sjateringar med berre ein trykkfarge, der det kvite er arket ein trykker på.
Kurs 3: torsdag 03. - søndag 06. august
Miks av ulike teknikkar
- Stensil – plater i ulike former dannar motivet
- Collografi - ulike typar materiale festa til plata som utgangspunkt for biletet
- Monotypi – kvart trykk er unikt.
- Collage

Workshop: Bruk av det du har lært på dei andre kursa – måndag 07. – torsdag 10. august
Her er meininga at ein skal arbeide på eiga hand med dei teknikkane ein har lært på kursa over, med tilgang på rettleiing.
Praktisk informasjon:
Kvar kursdag vil vara frå kl 10.00 til 17.00 inkludert pause.
Kvart kurs kostar kr. 3.500,- pluss materialkostnad på kr 750,- Du tek sjølv med skisseblokk og blyantar.
Workshop-en kostar kr 2.000. Ein kan berre delta på workshopen om du har vore med på minimum eitt av kursa.
Dersom ein deltek på fleire kurs får ein rabatt på kr 1000 for andre og 1500 for tredje kurs.
Det vert maksimalt seks deltakar per kurs.
Bindande påmelding innan 03.07 til :
- Merete Sande - epost m.sande@online.no, mobil 90 02 11 83 eller
- Marta Kvikne – epost m-kvik@online.no, mobil 90 80 03 14
På grunn av innkjøp av materiell, må vi be om at kursavgifta vert betalt seinast 14 dagar før kursstart.

Arrangør: Balestrand kunstlag
: Sagatun Skule, Balestrand
Tid: mandag 7. august 10:00
Kurs