Færøyene: Bokkafé med Ottar Fyllingsnes

I 2015 kåra lesarane av National Geographic Færøyane til Årets destinasjon. Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldri før, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter i norsk historie.
Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes står bak boka som er meir enn ein vanleg reiseguide, og som opnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsnes har leita attende i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget for, og utviklinga av, mikrostaten vest i havet. For korleis kan eit øysamfunn med så mykje motgang, likevel vera eit moderne velstandssamfunn i medgang? (Skald forl.)

Arrangør: LUSTER BIBLIOTEK
: Luster bibliotek
Tid: lørdag 18. november 14:00
Kulturarrangement
http://www.luster.kommune.no/framside.1758...