Magnus Grønneberg

Konsert med Magnus Grønneberg i storsalen onsdag 7. mars!

Magnus Grønneberg har gong på gong befesta sin posisjon som ein av Noreg sine leiande rockepoetar, formidla gjennom snart 25 år med plateutgjeving frå CC Cowboys samt to soloalbum. Denne gangen er det soloartisten Magnus Grønneberg som skal møte sitt publikum i Sogndal Kulturhus. Åleine med gitaren vil Grønneberg framføre kjente og litt meir ukjente songar frå heile si karriere. Eller som han sjølv seier det: "slik de er skrevet og spilt ved kjøkkenbordet". Det blir sjølvsagt gjenhøyr med klassiske rockelåtar som "Harry", "Barnehjemmet Johnny Johnny", "Vill, vakker og våt", "Når du sover" og "Tigergutt". Denne gongen i andre arrangement enn når han reiser saman med bandet sitt. Magnus Grønneberg er også ein kunstnar som forstår betydinga av å utfordre seg sjølv og sitt publikum. Rett og lett gjere noko nytt og annleis.

Arrangør: SOGNDAL KULTURHUS AS
: Sogndal Kulturhus, Storesalen
Tid: onsdag 7. mars 19:00
Alle
http://www.sogndal.kulturhus.no/incoming/a...