50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane

Var du stolt då Johannes Thingnes Bø tok VM-gull i skiskyting i Holmenkollen? Lo du godt då Odd-Bjørn Hjelmeset snakka japansk etter at han tok VM-gull? Og tok du heilt av då Noreg slo Brasil i VM med Tore André Flo, Jostein Flo, Håvard Flo og Frode Grodås på bana? Det finst augneblinkar som gir idrettsinteresserte nordmenn gåsehud - og ekstra sterke blir kjenslene når våre eigne er i sentrum for jubelen.

Dette er boka om nokre av dei beste idrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane. Her er gløymde heltar frå gamle dagar og verdsstjerner frå vår eiga tid. Her er kjende og ukjende historier. Om spelemannen Gabriel Reed som var ein av dei beste i verda på skeiser. Om kva som eigentleg skjedde i kulissane då Merita Berntsen Mol opplevde marerittet under OL. Her snakkar Eirik Bakke om promillekøyringa, og Kjell Ove Hauge fortel om dopingdommen.

Boka fortel om opp- og nedturar frå ei stolt og innhaldsrik idrettshistorie i Sogn og Fjordane. Dette er ei sportsbok, men også ei minnebok.

Rune Lillesvangstu kjem til biblioteket med eit potpurri av gode historiar frå idrettsverda, med fokus på det folk ikkje visste frå før. Det blir historiar frå barndommen til folk, drama i kulissane og artige forteljingar med glimt i auga. Velkomen til biblioteket!

Arrangør: BALESTRAND FOLKEBIBLIOTEK
: Balestrand folkebibliotek
Tid: torsdag 5. april 20:30
Kultur