Ville vekster i mat - eit sankekurs m/Ingvild Kjøsnes

Ingvild Kjøsnes er frå Fjaler. Ho er utdanna innan idrett, ernæring og helse frå Kingston University, London, og Høgskulen i Buskerud og Vestfold. No har ho sitt eige firma "Samspel", der ho mellom anna tilbyr kursing i korleis ein kan finne gode råvarer i naturen samstundes som ein skaper aktivitet. Kurset er eit matkurs, der deltakarane får vere med å sanke og tilberede ville planter med enkle oppskrifter.
Kursavgift: kr 100. Påmelding: 971 67 262 eller anne.lise@haukadal.no.
Ta med hagehanskar og noko å plukke i.

Arrangør: FOLKEAKADEMIET LUSTER I SAMARBEID MED FJORDATUNET
: Fjordatunet, Kroken
Tid: fredag 1. juni 16:00