Olsokmarknad

Over 30 år med marknad i Fortun!

Me er tradisjonen tru og stiller med marknad der du får kjøpe ulike varer, delta på aktivitetar og få med deg ein spennande olsokkonsert. Du kan kjøpa grillmat, kaffi og kaker begge dagane, men laurdag er det og sal av rømmegraut. Annemor snurrar lykkehjulet begge dagane og det blir nokre dyr å helsa på for ungane. Dersom du ønskjer ein meir aktiv marknad, kan du laurdagen prøva deg på pil og boge eller klatring i Krukla. I bodene kan du finne både gamalt og nytt, grønsaker, bær, ost og andre smakfulle varer.

Olsokkonserten vert i år med Jonas Navarsete. Her blir det alt frå nynorsk nasjonalromantikk til kjente operasvisker. Olsokmarknaden arrangerer konserten i lag med Folkeakademiet i Luster.

Laurdagen vert avslutta med quiz og god stemning i Fortun Grendahus. Nørdstedalssæter står for servering av enkel mat og drikkevarer.
Søndagen startar med friluftsgudsteneste på Fortun Gamle Kyrkjegard og fortset med sal frå boder, sal av grillmat, kaffi og kaker. Ponnyridning for dei minste. Mot slutten av dagen vert marknadslotteriet trekt.

Me ynskjer deg velkommen til Fortun på marknad!

: Fortun
Tid: lrdag 28. juli