Forfattarmøte med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

1968 var året for dramatiske hendingar og endringar i store delar av verda. Mange hugsar kanskje best drapet på Martin Luther King, invasjonen i Tsjekkoslovakia og opptøya i Paris; I Noreg gifta dåverande kronprins Harald seg med Sonja og Phillips bekrefta det fyrste oljefunnet i Nordsjøen.

Journalistane og forfattarane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen har dykka ned i desse og mange andre historier frå vår ganske nære fortid, og gjev oss i boka eit nostalgisk og lærerikt gjensyn med hendingar vi framleis blir påverka av, på godt og på vondt.

Arrangør: LUSTER BIBLIOTEK
: Luster bibliotek
Tid: onsdag 17. oktober 12:00
Kulturarrangement