Marknad i Solvorn

Bygdelaget lovar mykje kjekt for både store
og små på årets Marknad i Solvorn. Denne
finn stad 10.-11. November, i skulen.
Dette er eit arrangement etter god gamal
oppskrift, med konkurransar som skyting,
pilkast, tombola, lykkehjul - i tillegg
til åresal, barnebok og ei stort lotteri
med mange flotte vinstar.
Hovudgevinsten er Mopedførarprov frå 123opplæring til ein verdi av 9000kr,
i tillegg til mykje anna kjekt frå lokale næringsbedrifter i Luster og Sogndal.
Me ynskjer alle velkomne, og vonar mange
tek turen innom Solvorn desse dagane.

Laurdag 14-17
Søndag 14-20
Trekning av hovudlotteri kl.18.00

Arrangør: SOLVORN BYGDELAG
: Solvorn
Tid: lørdag 10. november 14:00
Kulturarrangement