Jern-Jenny og dei makalause mutrane. Musikkteater for barn 6-10 år

I framsyninga får me treffa Jern-Jenny, ei litt annleis jente. Ho er ein røff einstøing som likar å ta vare på og fikla med verktøy, skruar og liknande. Ho finn ein dag ein boks med tre mutrar i. Inspirert av konseptet med Askepott sine tre nøtter, får ho tre ynskjer for desse tre mutrane. Jern-Jenny kan ønska seg kva ho vil, men ho lærer fort at vala ho tek virkar inn på andre og at vala er med på å forma den ho er. Ungane vert invitert inn i Jern-Jenny si historie frå starten og får ta del i refleksjonane hennar undervegs.

Arrangør: SOGNDAL BIBLIOTEK
: Sogndal bibliotek
Tid: tirsdag 26. februar 17:30
Barn
http://www.sogndal.folkebibl.no