Jern-Jenny og dei makalause mutrane

Musikkteater med Ellen Harrison, Håkon Christense og Ragnhild Kleppe. I framsyninga får me treffa Jern-Jenny, ei litt annleis jente. Ho er ein røff einstøing som likar å ta vare på og fikla med verktøy, skruar og liknande. Ho finn ein dag ein boks med tre mutrar i. Inspirert av konseptet med Askepott sine tre nøtter, får ho tre ynskjer for desse tre mutrane. Jern-Jenny kan ønska seg kva ho vil, men ho lærer fort at vala ho tek virkar inn på andre og at vala er med på å forma den ho er. Ungane vert invitert inn i Jern-Jenny si historie frå starten og får ta del i refleksjonane hennar undervegs. Programmet er støtta av midlar frå Nasjonalbiblioteket. Passa god for 1.-4.klasse / Familie.
Gratis inngang

Arrangør: LUSTER BIBLIOTEK
: Luster bibliotek
Tid: lørdag 2. mars 13:00
Kulturarrangement