Draumkvedet – ei reise til det hinsidige og attende

Eit myteomspunne visjonsdikt frå Noregs middelalder.
I ny versjon på Nynorsk - Sognamål ! Ei akustisk framsyning, med gripande tonefølge av gamle melodiar frå Sogn og Fjordane.
Framført på spennande instrument : m.a. Islandsk Fidla, og bassblokkfløyte.
Medverkande: Tøge Talle og Ole Henrik Moe.

Om Olav Åsteson - som sov frå julafta til trettande dag jul og fortalte om kva han hadde drøymt - om himmel og helvete, og alt innimellom….
Tøge Talle og Ole-Henrik Moe er attende med sin "sognifiserte" versjon av dette eposet. Begge har sterk familietilknyting til Sogn. Difor har dei fått Alv Reidar Dale til å gjendikte visjonsdiktet til sognemål. Dei har og tatt utgangspunkt i gamalt vokalstoff frå Sogn, og laga "nye" melodiar til verket.
Den musikalske ramma kring verket har eit "modernistisk" uttrykk, som framhevar og dramatiserer handlinga, med sterke klangfargar frå historisk klangbotn.. Ole-Henrik tar utgangspunkt i eldre, sjeldan spelte slåttar frå Sogn, som han abstraherer til overgangar/interludia i stykket.
Tøge tek seg av det vokale, samt blåse- og klimpre-instrument.
Her får ein høyre mange historiske instrument i tillegg til diverse klanginstrument.
Hjarteleg velkomne til ei reise til det hinsidige, og attende !

Billett i døra kr 200, Vipps

: Gaupne kyrkje
Tid: fredag 21. februar 19:00
Kulturarrangement
https://www.facebook.com/events/6195030488...