"I krigens kjølvatn": "Jakta på Siskin" med Rune Timberlid. Utstilling "Krigsår i Luster : kvardagsliv.

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I boka får ein heile historia om Siskin - frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.
Opninga av utstillinga "Krigsår i Luster: kvardagsliv".
Arrangementet er støtta av prosjektmidlar frå Fritt Ord.

Arrangør: LUSTER BIBLIOTEK
: Luster bibliotek
Tid: lørdag 13. november 14:00
Kultur