A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Aktive dagar

No skriv vi allerede veke 4 i 2017, og vi kan trygt sei at det nye året er komen godt i gong. Sjølv om kvardagen etter julefeiringa er godt i gong, fokuserar vi på å skape spennande og innhaldsrike skuletimar for alle. Vi ynskjer aktiv og meistringsorientert undervisning for alle elevar. Vi har mellom anna fått vore med på å knuse den flotte peparkake"byen", som har stått til utstilling på kafeen på bryggjerhuset i Solvorn. 

Peparkakehus knust_424x239.jpg

Me har også hatt utetime på Berget. Då trossa vi vær og vind, og løyste ulike kreative oppgåver, som hadde med både matematikk, naturfag, kunst og handverk og norsk å gjere. Elevane gav uttrykk for at dei tykte det var ok å komme ut frå klasserommet litt. Vi avslutta med å lage bål, og ete nistepakken vår ute også. 

Utedag med 1.-7._406x228.jpg

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS