ATS – studiebesøk frå Fjell kommune
2. og 3. november hadde ATS vitjing av ein delegasjon frå Fjell kommune i Hordaland. Bakgrunnen for besøket er ønskje hjå leiing og tilsette i Fjell kommune om å vidare-utvikla arbeidsoppgåvene for yrkes- og utviklingshemma i kommunen.
Delegasjonen talde 9 personar frå Straume Arbeidssenter og bustadtenesta i kommunen, med leiar Ragnar Selstø i spissen.

Bilete: Delegasjonen frå Fjell på besøk på Rådhuset i Luster. Leiar Ragnar Selstø nr. 2 frå venstre.


Lunsj på Rådhuskantina
ATS har eit variert arbeids-tilbod til medarbeidarane sine, der ein så langt råd er gjev tilbod om arbeidsoppgåver som er meiningsfulle og samstundes etterspurt i lokalsamfunnet. Representantar frå desse tenestene i kommunane Fjell og Luster er også deltakarar saman i EU-prosjektet ”Auch wir arbeiten in Europa”. Dette er bakgrunnen for at representantane frå Fjell la studie-turen sin til ATS og Luster.
Her er programmet som var lagt opp for delegasjonen frå Fjell:
• 13.00 Ankomst ATS
• Lunsj og presentasjon av deltakarane
• Presentasjon av Luster
• Presentasjon av ATS
• Omvisning på arbeidsstasjonane
• Gruppevis info om kantinedrift og ved
• Oppsummering og vidare info om arbeidsoppgåver og organisering
• 16.30 Avslutning dag 1.
• 19.00 Sosial samling på Sandvik Camping
3. november
• 10.00 Velkomne
• Frukost og ”ATS the movie”
• Vidare info om ATS, arbeidsoppgåver, samarbeidspartnerar, visjonar og leiestjerner,
• Meir synfaring på arbeidsstasjonane
• Foto
• Ev. lastebilkjøp
• Synfaring og vafler på Rådhuskantina
• 13.00 Avslutning og avreise
