Autorisasjonskurs i plantevern i Sogndal 31. januar

I Sogn og i Nordfjord blir det halde autorisasjonskurs i plantevern; kursa
gjeld både dei som skal fornye plantevernsertifikata og nye som tek dette
for fyrste gong.

 

Om det byrjar å nærme seg 10- årsfristen kan det vere lurt å sjekke om
sertifikatet er gyldig ut heile komande vekstsesong.
Hugs at autorisasjonen gjeld både kjøp og bruk av plantevernmiddel.
Butikkpersonale som sel plantevernmiddel skal og ha slik autorisasjon.

Kurset i Sogndal finn stad i kommunestyresalen, onsdag 31. januar kl.
09.00-17.00.
 

Kursdeltakarar som fornyar sertifikatet avlegg skriftleg prøve siste timen.
Dei som tek kurset for fyrste gong avlegg skriftleg prøve seinare på den
obligatoriske praksisdagen. Kurset er ope både for hagebrukarar og jordbrukarar.

Påmelding/info: Olav Sørum, tlf. 971 45 058, e-post: olav.soerum@lr.no

Påmelding til kurset; snarast mogleg!

Her finn du finn meir opplysningar om plantevernkurset. 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS