I statuttane for tildelinga står det mellom anna:

«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking.

Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

 

I år 2019 går prisen til eit godt etablert føretak. Det er ei verksemd som er vorte ei hjørnesteinbedrift i Luster kommune. Det er ei bedrift som har vore kåra til Årets bedrift før, i 1994.

Årets bedrift i 2019 er Avery Dennison NTP.

Eg vil be dagleg leiar Tom Dyrdal om å komme fram.

Årets bedrift 2019.jpg

Ordførar Ivar Kvalen overrekte prisen for Årets bedrift 2019 til Avery Dennison NTP ved dagleg leiar Tom Dyrdal.

 

Kvifor har så NTP fått denne utmerkinga:

Norsk transferproduksjon eller NTP vart skipa i 1988. Det var grunderen Atle Gandrudbakken som sto bakom etableringa av NTP og var leiar til 2013.

NTP har heile tida hatt sitt forretningsområde innafor utvikling og produksjon av transfers, det vil seie merker som vert limt på tekstilar.

NTP hadde ein stabil vekst gjennom 90-talet, og hadde ca 40 tilsette ved årtusenskiftet.

Så i 2002 vart selskapet kjøpt av det amerikanske konsernet Paxar. Veksten og utviklinga heldt fram og i 2007 vart det store amerikabaserte internasjonale selskapet Avery Dennison eigar.

Frå 2015 har Tom Dyrdal vore dagleg leiar.

Utviklinga ved NTP har vore stor dei siste åra. I 2002 var omsetninga 40 mill kr, i 2018 var omsetninga vel 180 mill kr og budsjettet for 2019 er over 200 millionar. Selskapet har og hatt store overskot dei siste åra.

I 2010 produserte NTP mellom 9 og 10 millionar merker, i 2019 vil produksjonen nærme seg 30 millionar merke.

Det er no vel 140 årsverk ved NTP og nett no i desse dagar er 170 personar på lønningslista.

 

NTP er ei internasjonal bedrift. Det er internasjonale eigarar, ca 50% av produksjonen går til utanlandske marknader og nett no har selskapet ca 40 medarbeiderar frå utlandet frå 14 ulike nasjonar.

Mange av dei utanlandske tilsette har spesiell kompetanse som er vesentleg for NTP. Mange av desse har vore ved bedrifta over lengre tid.

NTP har og hatt eit godt fokus på å integrere og ta vare på dei utanlandske arbeidstakarane. Dei har og hatt fleire flyktningar i jobb i verksemda.

 

Dei siste åra har det vore ei stor satsing på teknologiutvikling og digitalisering. Det har vore investert over 50 millionar kroner i maskiner og utstyr i 2017 og 2018. Det vert og årleg nytta opp mot 10 mill kroner årleg i innovasjon og prosessutvikling. NTP i Gaupne er ein av tre utviklingssenter i konsernet på verdsbasis, dei to andre er i Italia og Kina.

Eksporten har auka. Det vert levert merke til mange land, men dei store europeiske landa er viktigaste eksportområdet. Viktigaste området er merke til sportstøy og arbeidstøy.

Det at NTP er så internasjonal, gjer at verksemda er ein attraktiv arbeidsplass.

Dei siste åra er det store kontraktar med fotball-klubbar som har gjort NTP mest kjend. I 2014 fekk dei Barcelona som kunde. No i 2019 vann dei den mest prestisjefulle kontrakten i fotballverda, merker til Premier league. Det er den største kontrakten innan sportstøy og skapar stor interesse for NTP over alt i verda. Denne kontrakten stadfestar at NTP lagar verdas beste transfers.

Dette betyr og at det vert arbeidd skift på NTP utan stopp døgnet rundt, seks dagar i veka.

 

Til slutt:

NTP er ei svært viktig bedrift i Luster kommune. NTP og leiinga der har greidd å utvikle ein god og innovativ kultur i bedrifta.

NTP er også ei bedrift som dei tilsette er stolte av. NTP er og med og set Luster kommune på kartet. Lukke til vidare med utviklinga av bedrifta og nye kontraktar.