Einingsleiar
Tone Kjærvik
Kveane
Luster heimeteneste
v/Tenestekontoret i Gaupne
Tlf. 57685716
Mån - fre kl. 08.00 - 15.30
Tenesta kan ytast i private heimar, i institusjon, og i visse høve ved at omsorgspersonen får fri og andre overtek omsorgen i heimen.
Her er skjemaet du nyttar om du ønskjer å søkje om avlastning
Tenesta kan ytast i private heimar, i institusjon, og i visse høve ved at omsorgspersonen får fri og andre overtek omsorgen i heimen. Avlastning skal vere avtalt og planlagt. I planlegginga skal både den som får og den som gir avlastning vere med. Avlastning kan vere timar, døgn eller veke.
Søknadsskjemaet skal sendast til Luster kommune, tenestekontoret v/Gaupne omsorgssenter, 6868 Gaupne.
Avlastning i institusjon vert handsama i tildelingsteamet. Tildelingsteamet er eit rådgjevande organ og er samansett av leiar Luster heimeteneste, leiar Luster sjukeheimsteneste, helsesjefen og leiar ATS. Helsesjefen er leiar av teamet.
Einingsleiar har vedtaksmynde og sender skriftleg svar til søkar.
Ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.
Tenesta vert tildelt som enkeltvedtak.
Vedtaket kan påklagast. Opplysningar om klagerett går fram av vedtaket.
Klageinstans: Fylkesmannen
Einingsleiar
Tone Kjærvik
Kveane
Luster heimeteneste
v/Tenestekontoret i Gaupne
Tlf. 57685716
Mån - fre kl. 08.00 - 15.30
