A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Les høgt for oss!

Barnehagedagen 2016

1.mars markerte med Barnehagedagen. Tema i år var "Les høgt for oss". Og det gjorde me i Gaupne barnehage. Me har hatt fokus på lesing i store og mindre grupper i heile år, så dette temaet passa oss godt.
2013-ungane samla seg fyrst i aulaen der me hadde kopiert opp ei bok, som me viste på storskjerm medan ein vaksen las. Dette var ei kjekk stund der born frå alle avdelingar var med.

2010, 2011 og 2012 borna samla seg i aulaen etterpå og las boka om Karius og Baktus. Her òg hadde me forstørra bileta frå boka, slik at borna såg dei medan den Anne Margrete las til oss.

2014 og 2015-borna hadde smågrupper med lesing avdelingsvis.

Etter høgtlesinga pakka me opp ei bok-gåve me hadde fått. Det var stas.

Elles har me lese i smågrupper, nye og gamle bøker me har i barnehagen. Ei gruppe frå Grøn og Rosa var i Grindane og hadde lesing i hytta.
Me feira med IS til frukt i dag. Det var stas! :)

(Det skal koma bileter frå dagen...)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS