Barnehageplass

  • Foreldre busett i Luster og/eller som har arbeidet sitt i Luster, kan få barnehageplass til barnet sitt.
  • Innbyggjarane i Luster skal prioriterast.
  • Rådmannen kan fråvike frå regelen som eit rekrutteringstiltak.
  • Når foreldre har fått ein barnehageplass til barnet sitt, beheld dei denne til dei seier han opp , eller til barnet når skulepliktig alder.

Her er skjemaet for å søkje plass, endre plass eller sei opp plass i barnehagane i Luster kommune

Målgruppe

Barn i alderen 0-6 år 

Handsaming

Hovudopptak:

  • Vert kunngjordt i samband med utlysing av barnehageplassar.
  • Elles i året: Innan 3 veker etter at søknaden er mottatt

Søknadsfrist

Ved hovudopptak:

  • Søknadsfrist: 1. februar.
  • Søknadsfrist for endring og nye barnehageplassar.

Ledige plassar elles i året: kontinuerleg opptak (med utgangspunkt i vedteker).

Endring av plass:

  • Søknadsfrist 15. juni med gjeldande frå 15. august.
  • Søknadsfrist 15. november gjeldande frå 15. januar

Oppseiing av plass:

  • Barnehageplassen kan seiast opp med 2 mnd. oppseiingsfrist.
  • Oppseiing kan leverast i barnehagen eller sendast til Luster kommune, Rådhuset, 6868 Gaupne

Opptak vert føreteke av rådmannen etter tilråding frå barnehagane.
Lov om barnehagar med forskrifter.
         

Klage

Barnehagevedtaket er eit enkeltvedtak med klagerett.

Klageinstans: Rådmannen er underinstans. Klagenemnda er klageinstans.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS