A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tora skreiv ein av dei tre bokmeldingane som vart

Beste bokmelding siste månaden av BOKSLUKARPRISEN

5.-7.trinn var i haust med på ei årleg bokavstemming som heiter "Bokslukarprisen". Der las me kvar veke eit utdrag frå ein ny norsk barne-/ungdomsbok, og stemte til slutt på kva for eit tdrag me tykte skulle gå til finalen. Kva bok som vinn, vert avgjort til våren. Medan me las, jobba me òg med sjangeren BOKMELDING. Dei i sjuande klassen som ville, kunne legge ut dei siste bokmeldingane sine på nettsida til Bokslukarprisen.

Kvar månad vart beste bokmelding kåra, og Tora var altså ein av dei tre som vann i siste runde - med si bokmelding av utdraget frå "Den syvende nøkkel" av Øystein Wiik. Tora vann ei bokpakke med m.a. "Den syvende nøkkel", og skulen får låne bøkene fram til Tora sluttar på skulen. HER er intervjuet dei gjorde med Tora.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS