Grunngjevinga

Den 29.8 2001 kunne Lindis ta i mot dei fyrste gjestene på BesteBakken på Hafslo. Dette var representantar frå Norges Forskingsråd. Det vart "kjærleik ved første blikk", faktisk har Norges Forskningsråd komme attende til BesteBakken på denne datoen kvart år etterpå, dei har booka i 2012 også.
 
Før opninga i 2001 hadde det vore arbeidd i omlag eitt og eit halvt år med å byggje det gamle småbruket om til Bestebakken. Lindis såg at småbruket kunne bli ein ressurs, her var atmosfære og ho gjekk for ei satsing. I fyrste omgang serveringslokale, møterom og fem overnattingsrom.
 
Gjestene kom jamt og trutt – første driftsåret var det 500.000 kroner i omsetning. I 2004 kom det eit nytt byggjesteg: Fjøsen vart gjord om til 10 overnattingsrom. Alle romma med ulik innreiing og med original kunst på veggene.
 
Neste satsinga var Spa. Lindis utvikla eit Spa-tilbod, og særleg etter at ho starta samarbeidet med Mariska Solheim har dette vorte viktig. Som ein del av Spasatsinga, har Lindis også utvikla ein eigen hudpleieserie basert på 11000 år gamal leire frå botn av Hafslovatnet. Desse eksklusive produkta kan du kjøpe på BesteBakken, i New York og Miami.
 
Lindis har utan tvil nådd godt ut i marknaden. Ho nyttar likevel ikkje peng på annonsering. Lindis har vore utruleg flink til å få redaksjonell omtale; både i aviser og i vekeblad. Gjensal er kanskje det viktigaste i marknadsarbeidet hennar. Nøgde kundar kjem att gong på gong på gong.
 
Maten er viktig på BesteBakken. Lindis dreg særleg fram samarbeidet med kokken Noralf Langeteig som viktig for å få plass menyane på Bestebakken. Lokalbaserte råstoff med historie, men med nye måtar å kombinere smakar på er hemmelegheita. Det er og slik at ved alle måltid vert maten presentert med ei forteljing om både råvarene som er nytta og tilberedinga av desse.
 
Lindis har så langt investert nær 12 millionar i anlegget sitt i BesteBakken. I 2011 var omsetninga 3.8 mill. kroner. På topp er det opp til sju personar i sving på BesteBakken, men det er tre faste personar som jobbar her.
 
I grunngjevinga si for prisen ”Årets bedrift” seier næringsutvalet:
Lindis Alme har bygd opp BesteBakken til ei solid verksemd dei siste ti åra. Verksemda har utvikla ein høg kvalitet på produktet sitt. Det har vore ein stor eigeninnsats i heile perioden.
Lindis Alme har vore flink til å skape positiv merksemd kring bedrifta si, noko som og er bra for reiselivet elles i regionen og Luster kommune.
Bestebakken har vore i stadig utvikling, og har oppnådd det alle reiselivsbedrifter drøymer om. Nøgde gjester som vert gode marknadsførarar av BesteBakken.
Til lukke med prisen som årets bedrift i Luster kommune 2012! avslutta ordføraren, og overrekte ein flott akvarell med motiv frå Ringsdalen, laga av fortunkunstnaren Signe Fortun Weka.