Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere vassprøver og prøver av planteplankton, botndyr og begroingsalgar.
Resultata frå undersøkingane vil bli gjort tilgjengelege på nettsida Vannportalen i løpet av våren 2024. De kan også få tilgang til resultata på Vann-nett.no, der de og finn informasjon om andre miljøundersøkingar, tiltak, m.m. for dei elvene og innsjøane de er interesserte i.