A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Brannbil[1]

Brannøving

I dag, onsdag 30.september har me hatt varsla brannøving i barnehagen. Nokon var ute før alarmen gjekk, slik at lyden ikkje vart så høg og skremmande. Nokon hadde samling om brann og brannvern då alarmen gjekk, og nokon hadde frileik. Akkurat slik det er ein vanleg dag i barnehagen. Dermed vart øvinga realistisk og alle har fått høyre korleis denne lyden er, og veit at då skal me reagere. Då skal me gå roleg ut, saman med avdelinga vår og samlast på bestemte stader på uteområdet. Dette gjekk veldig fint. God øving.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS