Kvifor har så Breimsenteret AS fått denne utmerkinga?
 

Breheimsenteret vart opna i juni 1993 etter at planlegginga starta på slutten av 80-talet.

Breheimsenteret fekk ei svært god mottaking og vart eit populært reisemål både for regionale folk og den internasjonale turistmarknaden.

 

Utpå 90-talet var det behov for ei økonomisk strukturering, då gjekk lokale eigarar inn med ny eigenkapital. Breheimsenteret er i dag eigd av 8 personar busette i Jostedalen og Gaupne.

I 1997 vart Breheimsenteret utpeika av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen som autorisert nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark.

 

Breimsenteret har heile tida vore sentralt for booking og informasjon om breturar, kajakkpadling og rafting. Breheimsenteret har og vore ein samlingsplass for fastbuande, turistar og guidar. Og den einaste plassen i verda som arrangerer brepubar.

 

Alle veit at 28. juli 2011 brann Breheimsenteret ned til grunnen. Det var ei trasig hending. Alt neste morgon var likevel Breheimsenteret i stand til å ta seg av turistar, takka vere god leiing og hjelp frå andre verksemder i området.

 

Eigarane avgjorde alt fyrste natta at Breheimsenteret skulle byggast opp att. Det var ikkje sjølvsagt. Forsikringsselskapet synte velvilje og gamlearkitekten Rolf Sande sette i gang med teikninga.

 

No den 24. juni skal statsministeren opne det nye Breheimsenteret offisielt. Det er endå flottare enn før. Utstillingane er meir moderne, meir å delta aktivt på og meir å lære. Men Peder er den same.

 

Næringsutvalet seier fylgjande i grunngjevinga si: Breheimsenteret er ei verksemd der publikum på ein god måte får lære om naturen og kulturen i området vårt. Breheimsenteret er ein viktig del av turistproduktet Jostedalen, Luster og Sognefjorden, og er eit signalbygg som profilerer området vårt på ein god måte.

 

Til lukke med prisen som årets bedrift.


Peder Kjærvik og ordførar Ivar Kvalen