• BPA er ein alternativ måte og organisera praktisk bistand og opplæring på for personar med nedsatt funksjonsevne som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Til dømes: hushaldningsoppgåver, direkte personleg hjelp med påkledning, hygiene, mat m.v.
  • BPA skal gje personar større moglegheit til å styra tenestene og kvardagen sjølv.
  • BPA er hovudsakleg retta mot personar med omfattande tenestebehov.
  • Tenesta skal vera ein del av dei samla kommunale tenestene og knytast til personen, ikkje til bustaden. Luster kommune eller søkjar kan stå som arbeidsgjevar.

Søk om BPA her

Utfylt søknadsskjema skal sendast til Luster kommune, Tenestekontoret, postboks 104, 6866 Gaupne

Har du spørsmål om tenesta, kontakt Aud Jorunn Høyheim 57 68 57 15